Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1977 side 106
Skriftstyrar: Kolbjørn Gåsvær
Dybdekilder: Fleire eldre på Jøa.
Medskrivar: KG

Gærn-Kresten-dalen

Gærn-Kresten-dalen er ein liten tverrdal til Steinsdalen på Jøa. Han er så pass liten at det mesta er berre eit vass-sig frå myrene som kjem ned der. Men før, med folk hadde mykje sauer som skulle jagast om hausten, var han eit stort problem. Når ein skulle ha sauene nedover til Letvikgrenda frå Donamarka, måtte ein passe på som smedar så sauene ikkje smatt opp i Gærn-Kresten-dalen, for da kunne ein vera mesta sikker på at da mista ein dei. Dei stakk da opp i Steinsfjellet (Som blir kalla Dumålsfjellet på Don), og så var det uråd å få dei på rett veg ned til bygda etterpå.
Det var no det, men det går ei historie om korleis det uvanlege namnet har oppstått, og det er den som skal forteljas her.

På Stein budde det for lenge sidan ein kar som heitte Kresten. Han var nokolite rar av seg, men var aldri rekna for å vera farleg, verken for seg sjølv eller for andre.

Så ein dag forsvann Kresten sporlaust. Ingen visste kvar han hadde teki vegen, men det vart leita etter han i fleire dagar. Til slutt gav dei opp å leite.

Men så var det om hausten i saueleitinga, og da gjekk det som det bruka å gjera med ein saueflokk som vart jaga nedover frå Donamarka mot Letvika. Sauene stakk av opp gjennom denne tverrdalen og for på fjellet. Ein av karane skulle fara opp dalen og sjå etter dei. DA fann han Kresten hengjande i eit tre. Han hadde stukki seg av der og teki livet sitt.

Sidan den gongen har dalen heitt Gærn-Kresten-dalen.

*     *     *

Her må det seiast at nedskrivaren har leita både grundig og vel utan å finne nokon Kresten på Stein, men det kan vel tenkjast det kan vera rett for det. På ein eller annan måten må namnet vera oppstått, og så kan vel den eine forklaringa vera likså god som den andre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *