Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

GAMALOSTEN

Gamle Gunnar Mæland, som grunnla Mælands hotell i Granvin i 1860-åra,
var ein føregangsmann i si tid. Dei engelske turistane tok så smått til
å koma til landet på den tid.

Nokre engelske turistar kom også til Mælands hotell. Ein av dei, mister
Griegson heitte han vist, likte seg så godt der på hotellet at han kom
att fleire år på rad. Han lærde seg etter kvart å tala litt norsk. Og
han sette også stor pris på gamalosten som dei hadde på bordet.

Då engeIskmannen skulle reise heimatt siste gongen han var der, kom han til hotellverten og sa:

– Do Gunnar Matland, do gjer eine gamalost av mig.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *