Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Gamel-Moshus'n


Det var skjusstasjon på Moshus, og for skjusskaffaren vart det mange slags folk å ta i mot, både fagna'folk og fant, og det var ofte godt å vera rask i tankom og ha eit høveleg ord ferdig.

Ein vinter kom det ein reisande til Moshus og skulde ha skjuss nordover. Moshus'n ordna til ein spisslea, fekk kroppen oppi og sette seg sjøl bakpå og køyrde. Framkomne åt neste skjusskifte, tok den framande til å bera seg for at han ikkje hadde noko å betale med.

– Å, det er ikkje noko å bera seg for, sa Moshus'n, att og fram er like langt.

Og så fekk han svinga køyrdoningen med kroppen ti, og smurde på hesten og køyrde framandkaren med seg attende til Moshus.

Den gongen dei bygde vegen opp gjennom dalen, laut dei halde hus og kost åt nokre ingeniørar der på Moshus. Det var kravfulle karar, som ikkje var go'e å gjera til lags. Men når dei skulde betale, var det om å gjera å spara. Slikt som drikkepengar såg ein aldri av dei. Moshus'n gjekk og lura på eit høve til å få sagt dei detta. Og ein dag fekk han gjort det. Ingeniøran skulde ut og reise og skulde ha skjuss, og dei huserte og masa på skjussguten at han skulde både det og det og sjå til å få skjussen ferdig. Da la Moshus'n seg burti og sa åt guta, så dei fekk høyre det:

– Ja, prøv og ver flink og rask nå, og gjer det døm sie åt deg. Du tåpå ikkje på det. Hugs drikkepengan.

Om dei vart likare tå det, er vel uvisst, men Moshus'n fekk sagt dei det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.