Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Gamelskulmestern


Jehans Jehansson heitte han, og var fødd i Solli'n på ein gard som heitte Uti. Han var skulmester i Fåvang til burti 1840-årom. Etter han slutta, budde han og kjeringa, ho Vehl-Rønnaug, i Skulmesterstugun eller Skulmesterlykkjun dei kalla, ein heim under Nyfløt, til dei døydde i 1860-1870-årom.

Det har vore fortalt mangt etter honom. Han skulde vera ein mester både med ånd og hånd. I skula var han styggeleg streng. Det har vore fortalt tå dei som gjekk i skula hos 'om, at han kunde stå med ein påk ved døra når ungan skulde inn att etter frikvarterom, og var det nokon som vart seine før dei kom, så fekk dei smaka påken, etter som dei kom gjennom døra.

Han var ein mester både til å måle og skrive og grava ut. Han Martinus Nyfløt på Store Strand har ein penge¬pung med masinglås som Gamelskulmestern har gjort. Det er eit fint arbeid som viser konstnaren. På låse er inngrave I. I. S. S. 1801. Bokstavan skal vera for Jehans Jehans-son Skoleholder, som han skreiv seg for. Nå har han vore i bruk i hundre og femti år, så ein skjønar det var velgjort arbeid.

I Einarssve'n heng det ei stamtavle som han har skrivi. Ho er mesterleg fint gjord. Likeså skal det finnast bøker etter 'om, som han har skrivi med hand.

I Rudrud er det ein gild takbjelke i stugun, som han har skore ut ein del på. Namnbokstavan hans Mikkel Rudrud er inngrave, og årstalet 1808. Men det er gjort slik at ein lyt ha spegil skal ein kunna lesa det. Midt på bjelka er kongekrona og bokstavan åt Christian 7. utskore.

Truleg hadde han svartboka au, for han kunde gjera eitkvart som ikkje gjekk heilt naturleg for seg. Kom det såleis sjukdom på kryter, var det um å gjera å få tak i han så fort som mogleg. Han trong ikkje sjå kryteret hell, stødt. Var det berre liv ti det, så vilde det helst koma seg att når han hadde gjort sitt. Sende attende skot og stemme blo' kunde han au. Ein som heitte Kristian Torsgard sat ein gong og spikka på ein kvims, og kniven glatt for 'om, så han skar seg stygt i låret. Han hadde nok råka ei livår, for det blødde så avskafteleg at han heldt på reint å blø seg ihel. Nokon dokter var det ikkje den tia før ein kom åt Fron eller Vetlhåmår, så det var ikkje tenkjande på å få tak i ein tå dei. Men dei visste at Gamelskulmestern kunde greie med slikt, og så vart tenestkaren sendt i vegen med øyk så fort han var go'-til å koma fram, åt 'om Jehans. Ja, guten kom fram og fekk sagt erendet sitt og vilde få han med seg med ein gong, for han visste det sto um det. «Å, det er inte fa'leg,» sa han Jehans, «det har stana, blo'e nå.» Han Jehans vart nå med likevel, men blo'e hadde stana, det, slik som han sa. Det hadde han greit heime. Og han Kristian vart fort go' att tå såret.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *