Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Gamle ordtak


Ein ventar ikkje lenge som ventar på ein god dugurd.

Det er ingen for gamal te bli skurvut.

Ein lærer med ein lever, og det siste ein lærer er å gå sakte.

«De e ingen som veit ko 'n har, før ein ska te fløta,» sa kjerringi, som stappa det ho hadde i ein stubbelegg.

Det var ein tatergut som var lei ved katten, og so slo far hans te han. Då sa guten: «De e herre åver herre! E e kattens herre. Far e min herre, og djevelen e fars herre.»

Ei skiti su vil ha fleire med seg!

Det er kje sagt alle tankane går åt ein pung.

Våga du ikkje noko, so vinn du ikkje noko.

Ein skal aldri tru nokon for vel.

Det du lett får, skal lett gå.

Ein skal ta den eine handi og vaska den andre med. (d. e. Er du i beit for noko, so kann du t. d. selja noko anna du har, for å greie deg.)

Alle meisterar er fødde; men ingen er fødd meister.

Lægste garden er best å klive. (d. e. Dei som uslast er, vil folk ta for seg.)

«De e kort o gødt, skjurta når kji broken,» seier dei når noko er for lite.

Det er aldri lenger bergan i millom enn trolli treffast.

Det er fattigmanns trøyst å trøyste seg sjølv.

Dei har det annsamt som når dei skal slakte ei høne og ikkje har noko ta blodet i.

Dei setja på ein som hunden på fattigmannen.

Når nokon set seg på peisfoten, seier dei ofte: «Ja, no kann e seia ko e vil!»

Det er so kaldt, at det sprett i galden.

Det er so kaldt, at ordi telar på tunga.

Ein et upp fleire hår enn pund på ein vår.

Det hender mangt i mange dagar og endå meir i mange år.

Når eine meien dett undå, so dett lasset.

Ein gamal tjuv er ikke god stela augo or.

Den som kviskrar, so lyg han, den som stel, so smyg han.

Det er lett å køyre når andre held hest.

Det er lett å skjera breie reimar, når hine let te hud.

«De e ra-in veg!» sa kjerringi sette skeii åt øyra.

Etter vermde kjem det kulde.

Ingen forspør seg, men mange førgjør seg.

Leitt lever nok.

Han skal stå godt som aldri fell.

Det er betre ha ein bete i ro enn ti i uro.

Det er ikkje noko betre enn ta fisken med han bit.

Det kann so snart falle ein ung og sunn, som ein gamal, svak og tung.

Te meir han stryk katten, te meir vil han ha stroke seg.

Ein husmann er snøgg å skryfte. (D e. Ein husmann har lite, difor er det fort å få gjort ende på det.)

Ho kom fram, ho, som køyrde i beintroget med. — Um dette ordtaket går denne soga:

Det var ein gong ein mann som køyrde so fort. So kom det ei kjerring etter. Ho sat og ok i eit beintrog. Ho sa det: «E når de vel! E når de vel!» Dermed tok han som hest hadde, te ords: «Å, neimen, gjer du!»

Det du sparar for din eige munn, skal gå både for katt og hund.

«Reinsemde e go, ho,» sa kjerringi, vrengde serken sin jolekvelden.

Du skal stela kvar du er inne, men ikkje ta noko med deg. (d. e. Du kan læra noko alle stader.)

Min tenar hadde ein tenar, og eg hadde ein tenar, som bad meg gå sjølv.

Ein likjest ikkje svino, som likjest sino.
Dei bruke ikkje å mala uppatt åt framgangssvini (Svin som er meir enn eit år)  på Versen (truleg ein gard på Haland), seier dei åt dei som stødt spor uppatt.

Det er rein lort du kann vaske tå deg.

Undådrygsla tek ved alt ho får. (Undådrygsle er det når du held på lenge og seigar med eit arbeid for du blir ferdig.)

Ei skie kann ikkje brenne, og ei kjerring kann ikkje skjenne.

Brent barn er alltid redd.

Den som har alle stader ærend, råkar ein stad fram.

Den som kjenner rett Merkjis-guten, bed han ikkje inn.

Det er vidt vegamot, han er sæl den som løgin er.

Eit stort bruk har eit stort sluk.

Der det er mykje, skal det mykje te.

Der det er altfor grumt, er det sjeldan utelt.

Det gjel kvar fugl med sitt nebb, og gauken gjel med strupen.

«De e 'kje greitt!» sa mannen, fekk bek; i håret.

Det er godt med di, det heng ikkje alle nyklar ved eitt belte.

Han vondt ottast som vondt gjer.

Når krubba er tom, knubbast hestane.

Det er ende på den snøen som var i fjor.

Det er ein fattig mann, som ikkje eig godtsom ei lus.

Den vonde hjelper sin mann ogso.

«Han ligg te dugurs og snur se te kvelds,» seier dei um ein lat ein.

Ein sopar noko med ein uvand lime med.

Det er ikkje godt vaske ein svart katt kvit.

Slik som 'n steller te, so har 'n ettertaket,

Vanden har eg med meg. (Det vandesame har eg med meg t.d. småe ungar).

Den som skal med ulvo bu, so får’n  med dei tute.

Ein skal laga munnen etter matsekken.

«Han får ta sin late arm o leggji ve sin torre tarm,» seier dei um ein latfant.
Tjuv vil ha tjuv med seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *