Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Gamle sporak (gåtor)

Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


Og då me sette oss på høgste Leinsktnupp'n, spurde ho Guri:

”Kann du seia meg kva dette er”? – ”Ein lit'n ting kann gjøymast i ein pung. Store huse kann e felle, slott o feste likeso. Ingjin kann den trippan tære. Ingjin kara den visan te, uta min eigen herre.”

”Og so skal du få eit spørak te”:

”Ko e de for ein lit'n ting so alle beste mat'n renne i gjøno?”

”Før me skildest, fekk eg vita at det fyrste var «varmin» og det siste var «spenadn».”

Dette vart diverre siste gongen eg såg Guri Grøv. Den 20. mars 1932 døydde den strevsame kvinna av hjarteslag. Mykje sermerkt bondekultur gjekk i grav med henne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *