Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Gamle vegar i Lom

Bøverdalsvegen

Boverdalsvegen
Frå den gamle Bøverdalsvegen. Garden på fotografiet er Akslen. I 1864 var det køyreveg berre åt Akslen, fortalde Rannveig Horten. I 1870 gjekk Bøverdalsvegen åt «Skrompa», ei stugu som stod der samfunnshuset i Bøverdalen står nå.
Fotograf ukjent.

Den gamle vegen uppover Bøverdalen ser ut til å ha gått gardmillom, fortalde Nils Akslen. Lange teigar syner han enno, og i hans ungdom synte han enda meir. Den strekning han kjende best, var frå der han har gått over Krøkjeberga og nordover båe Kvamsjorda og inn i jordet på Vurvold. Der gjekk han innanfor haugen som garden stod på til snøskredet tok han i 1874.

Frå Vurvold synte han godt der han gjekk innanfor Trulssteinen og nordover heile Kvamshagen til Storåa. I Storåa, utanfor vegen, stod det i gamal tid eit kvernhus med stampe.

Frå Storåa syner vegen enno inn i jordet i Åmillom, og så gjekk han over Okslagrova inn i garden der, vidare over jordvegen der og over Okslaberget, der han syner enno. Derifrå går han nordover jordvegen i Borgen til Geilgrindskryu (der han er synleg), vidare inn i jordvegen på Vangen. Frå der er han synleg til der husa i Urdi står utanfor Sulusteinen, og frå der over jordvegen til Vangsgrova. Frå der syner han, så ein ser han har gått innanfor Blivarløken nord til og ovanfor Høysteinane.

Det er ei segn um at frå Høysteinom skulle vegen ein gong ha gått opp og nordover Staberga. Men så var det ei brur som reid seg utover og slo seg i hel. I alle fall er det ein flekk i Staberg som heiter Brurstigen. Rimeleg var det da dei begynde å gå utanfor Høysteinane og utanfor og forbi Stabergnebben. Men 30-40 meter lenger fram var det eit berg som gjekk kav ut i elva, så dei laut oppover med vegen. Mellom dei to berga var ein hengjebratt grasvaksen jordteig, og opp gjennom den bratta la dei vegen og kom upp på det nordre berget og nordover Vetleøygardsjordvegen. Opp mellom dei to berga gjorde vegen sju svingar, dei namngjetne 7 Stabergskrokane.

Frå Vetle-Øygard gjekk vegen utanfor Steina-urda nord til ein løk-vidare innanfor løken og innanfor nedre Sulheimsøye, over Roberget inn i Rojordet, vidare innanfor myra i Sulheimsjordet til Sula elv.

Frå Prestgrind åt ein kross i eit berg utanfor Bærlikampen var det ei gamal mil (11 km), og frå krossen der til oppå Rustahalsen var det og 1 mil.

Når det laga seg, køyrde dei isen etter Bøvra lange struku vinterstid.

Marit Mollestad (Stensrua) fortalde at far hennar køyrde eit stuguskåp, som var kjøpt på ein aksion på Vekkje, etter Bøvra frå Vekkje heile vegen opp åt Horten. Dei verste partia var Strugen sør for Vurvoll-brua, Gadden, og Strugen frå Gadden til Horten. Skåpet stod på Juv-stad, til Sjugurd Vangen tok det med åt Åmillom da han flutte dit. Det står nå i Presthaugen.

Det var på 6 stelle etter Bøverdalen dei hadde rett til å kvile og hamne, dei som for med krøter til og frå sætrom og fjellhamnom.

Den fyrste tå desse kvilom var Grov, som ligg mellom Lomskyrkjegarden og Otta, mellom Bøvra og vegen til Skjåk. Der var det også marknadsplass for folk frå Fjordom som kom med hestar. Det var marknad to gonger kvar sumar der, fyrst Stemfjølingen i juni, og rette Fjølingsmarknaden 3. juli. Fyrst etter Grov kom Vekkje-kvila, som låg sør for Pers-haugen og til grensa mot Øverbø. Så var det Stabergskvila (Slett-Vangen) og Borga-eige. Den fjerde var i Hoftalia, over Hoftaberga mot Vis-dalen. Den femte var Vassmyra, og til slutt var det Kvandalsvolløya. Frå der bar det inn i statsalmenning, og der kunne dei kvile og hamne kvar dei ville.

Brurstigen

Nils Akslen peikar på restar etter den gamle vegen nordover Staberg, der det heitte Brurstigen.
Fotograf ukjent.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *