Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Gamle vegar i Lom

Grinder og stolpar

Det var grinder tvert over vegen mange stader. Den som fekk stå lengst var «Hesthågå-grinde». Det var også grind m.a. ved Frøyse, og «Prestgrinda» stod og stengde for krøtera frå Grov og Vikedalane.

Nokre stader var det «stupul», tømra grindstolpe. Ein slik står framleis ved Synstesgrinda.

Prestgrinda med tømra grindstolpar stod i det gamle skiftet mellom Mo og Andvord. Stupulen i øvre vegkanten stod til for nokre år sidan, da vegen vart gjort breiare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *