Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Gamle vegar i Lom

Kollavegen

Denne vegen går utanfor Grafferskollen og fylgjer Otta-elva frå garden Odde i Garmo til Kolla-gardane i Lom. Vegen er bygd i åra 1893 – 97. Men det var nok eit råk eller ein slags veg før her og, for det var folk-sette bruk i Gregoskveen og på Søre og Nørdre Sandom.

Det blir fortalt at det var to alternativ da vegen skulle planleggjast frå Garmo kyrkje til Lom kyrkje. Det eine gjekk ut på ny veg gjennom Vårdalen og bru over til Liene. Det andre gjekk ut på veg utanfor Kollen — og inga bru. Liingane samla seg om veg utanfor Kollen, og så vart det.

Det vart da bygd ein veg med vegbredd på 4 meter, med «innskrenkninger» til 2,5 meter, som det står i gamle papir. Denne vegen går ikkje rett fram, men rettar seg etter lendet og smøygjer seg fram så vegen blir mest mogleg flat. Men sume stader er det temmeleg smal veg og med krappe svingar. Største vansken var likevel at vegen ligg i svært bratt lende der jorda vil sige ut, så dei laut byggje lange og delvis høge forstøtningsmurar mot bakken. Det er lagt ned eit imponerande arbeid på denne vegen i ei tid da så og seia alt måtte gjerast med handmakt. Murane er bygde av folk som kunne sine ting, for det er eit syn å sjå desse vakre murane av samanhoggen stein.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *