Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

GAMLEDOKTEREN

Torstein Næsheim var bondegut frå Granvin, ein av dei få bondegutar som
gjekk embetsvegen. Han tok præliminareksamen i 1831 og studerte så
medisin, og var ferdig lækjar i 1837. Frå 1848 til han døydde av
blodforgifting i 1887, var han distriktslækjar på Voss.

Næsheimen var ein særmerkt og mykje omtykt mann i si tid. Det gjeng
mange risper og forteljingar om hans lune og sunne folkevit. Han var
ein sjølvstendig og original kar som ikkje brydde seg med å imponera
med påteken verdigheit og embetsmine.

Gamlelækjaren, eller Torstein dokter som han og vart kalla, var ein
ekte spasmakar. Han hedde ein liten blakk hest, som han reiste rundt
heile Vossabygda med. Denne
blakken var han svært glad i, og gav han ofte godbitar. Pussa og stelte
om han gjorde han tidt og ofte. Så var det ein gong han gamle Knut
Ullestad, grannen hans, ville vera lur og spurde han slik:

– Kva ville du tykkja var verst, anten du miste kjerringa eller hesten din?

Dokteren tenkte seg om litt, og så kom det:

– Å, du veit, det hadde no vore forferdeleg vondt og mist blakken, likevel.

Ein gong var dokteren langt uti Raundalen og vitja ei gamal kjerring som var svært sjuk. So spurde ho:

– Trur du at da verte døen?
– Ja, da hende at gamle kjerringar døyr, sa dokteren.

Ein gut kom til han med ein blodig finger. Han sputta på eit papir, balla det om fingeren og sa:

– No tenkje eg da verte godt att.

Så var det ein gong dokteren skulle ut på Dalane til ein sjuk. På vegen
attende til Vangen var det fleire som mutte opp langsmed vegen og ville
tala med han. Det spurdest når dokteren var i kjømdi. Mellom dei var og
ein gamal føderådsmann på Ukvitno. Han var plaga av slik kløe, sa han,
og ville høyra om dokteren hadde noko råd med det.

Dokteren spurde mannen om han ikkje var komen i kår no.

– Jau, han var so, svarde mannen.
– Ja, då har du sanneleg god tid til å klø deg heile dagen, svarde dokteren.

Ei gamal kone kom inn på kontoret og var harm, ho sa til han at den
medisinen ho hadde fenge, ikkje hadde verka det slag på henne.

Dokteren svarte på sin rolege vis at den same medicinen hadde då verka på henne gamle-Kari, for ho døydde no ho.

Det kom ein eldre mann til han Torstein dokter og kjærde seg for eitt eller anna som plaga han.

Dokteren bad mannen kle av seg, og såg nogje på han.

– Eg vil råda deg til at du tek deg eit godt vask so av og til, sa dokteren.
– Kor ofte skulle det trengjast, ville mannen vita.
– Ja, me fær seia so haust og vår, svara dokteren.

Ei kone hadde skambrent seg i enden. Mannen hennar kom til dokteren og
spurde han til råds. Næsheimen ville veta om brannsåret var ferskt.

– Ja, det var det, svara mannen.
– Me fær no sjå på det då, sa han.
– Nei, dette er ikkje ferskt du, her stend Ulefoss 1780, svara Næsheimen.

Han Arnfins-Nils fortalde denne soga om gamledokteren:

Det døydde ein mann av sotti. Eg meiner han Nils sa at denne mannen budde anten på Bjørke eller Skjerve.

Det vart vondt for enkja som sat att åleine. Ikkje så mykje for det at
ho hadde mist mannen, men mest vondt gjorde det henne at alle andre var
redde og skodde henne etter di ho hadde hatt denne vonde og smittsame
sjakdomen i huset. Ho laut prøva om ho kunne finna på eitt eller anna
så ho fekk denne otten til å jamna seg.

Ein dag ser ho at han Torstein, dokteren, kjem køyrande nede i vegen. Ho skunda seg til møtes med han og spør:

– Trur du verkeleg at det var sotti mannen min døydde av?
– Ja, da trur eg eg fullt og fast, svara han Torstein.

Dermed brast den vona som ho hadde, at ho skulle få han til å seia at
det like snart kunne vera ein annan sjakdom. Ho prøvde likevel oppatt:

– Kan hende so var det likevel ikkje strengaste sorten av sotti mannen min hadde?
– Eg meina no da, eg, svara han Torstein dokter, at naor folk daua tao da, sa mao da væ strengt nok.

Ein gamal mann frå garden Saue i Viki hadde fenge koldbrann i ein fot.
Dokter Næsheim hadde ikkje anna å gjera enn å amputere foten hans. Noko
smertedøyvande middel hadde dei ikkje den tid, så mannen vart surra
fast til ein slede på låven og 4 handfaste karar heldt han merfan
gamledokteren saga foten av. Det fortelst at mannen skreik så fælt at
dei høyrde skriket over heile Vossevangen. Mannen kom seg og levde
fleire år etter denne hendinga.

Ein kunne her nemna at det ved slike høve som dette, når ein laot bruka
smertefulle inngrep på lekamen, at ein let fyrst den sjuke drikka seg
godt full av heimebrygg eller brennevin, så ein på den måten fekk
lindra noko på smertene.

Gamledokteren såg seg tid til å ta seg ein fisketur på Vangsvatnet Og
når høvet baud seg. Ein gong han var i ferd med å skuva båten på
vatnet, kom der eit par bergensdamer som budde på hotellet og spurde om
dei skulle få vera med i båten. Næsheimen hadde ikkje noko imot det.
Han var straks vuljug til å ro ein tur med dei. Damene trudde at det
var ein bonde dei hadde med å gjera, for Næsheimen gjekk alttid i
vadmålsklæde og såg ut som ein bonde.

Då dei hadde rodd både vel og lenge, ser Næsheimen på klokka og seier
at no lyt han nok heimatt, han hadde ikkje tid lenger. Damene var
nyfikne og ville ha greie på kva han var så oppteken med. Då svarde
Næsheimen:

– Eg ska no likso ve dokter her i bygdne.

Slik stoppa han munnen på dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *