Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

 

Gamleskulen i Nord-Hovet

Første skulehuset i Hovet vart bygt i 1877, ei stugu frå Løyte som vart sett opp på Rultemoen i Sør-Hovet. Huset var i bruk til 1896, då nytt skulehus vart bygt. Nyeskulen brann etter tre år og nytt vart sett oppatt. Dette vart påbygt i 1914 og var i bruk til 1952, då sentralskulen stod ferdig.

Med heimel i skulelova av 1860 vart det bestemt at Sør-Hovet og Holet skulle ha fast skule. I Nord-Hovet og i Sudndalen skulle det framleis vera omgangsskule. I 1871 vart det vedteke at det skulle vera fast skule i Nord-Hovet også, i Løyte. Frå 1876 held skulen til på Anfinset, men i 1880-81 vart det sett opp eige skulehus i Hølun (Hulen). Men det var heller rålendt der, og huset vart i 1903 flytta lenger opp, der det vart ståande og står framleis.

Gamleskulen i Sør-Hovet vart ei tid brukt som bustad, men vart riven for nokre år sidan.

Det er att fleire gamle skulehus i Hol, men dei fleste er ombygde og kledde. Skulehuset i Nord-Hovet er derimot praktisk tala slik i dag som då det vart bygt.

Skulehuset er ei standardutgåve for den tid, romsleg skulesal, lærarrom og gang. Men husa var kalde, her var enkle golv og enkle glas. Når kulden sette inn, måtte det fyrast slik at den store omnen berre hoppa, full av turr og hard bjørkeved.

Til skulen høyrde uthus av standardtypen, skåle med utedo for lærar og for kvart av kjønna.

Var det nødvendig kunne læraren bu i lærarrommet. Det siste som held til i dette rommet i skulen i Nord-Hovet var Ådne Øynestugun, som han heitte i daglegtale. Han var vaktmeister, ei oppgåve han skjøtta samvitsfullt. Det var skule i Nord-Hovet til 1948. Då tykte ein det vart så nustre der at dei fekk halde til i Sør-Hovet, inntil den store sentralskulen i Hovet var ferdig i 1952.

Nord-Hovet hadde to markante lærarar. Frå 1902 til 1918 var det den kjende Torger Larsgard, og frå 1922 til siste skuledagen i Nord-Hovet i 1948 var det Signe Larsgard, f. Govertsen.

H.d. 2. mars 1985.

Gamleskulen på Nord-Hovet. Fotograf ukjent.

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *