Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Gammal-Bull stoppa blodet

Omkring 1890 skadde ein mann ved Stensli seg stygt i eine overarma med kniv. Det var i tjukkaste muskelen og det var pulsåra som var skåre av.

Dei batt eit bind over såret, men så snart dei løyste på det blødde det like stygt.

Dei visste at ein same han gammal-Bull, skulle vera på ferde. Ein av karane hadde møtt han same dagen. Og han la i veg og ville finna samen. Denne karen kunne noko av kvart. Rart om han ikkje også kunne stemma blod.

Endeleg råka han på samen attmed bordet på ein av gardane der han sat og fekk seg mat.

Mannen var andpust etter det harde rennet, men endeleg fekk han sagt ærenda si.

–    ”Nei, tæ kan jeg ittnå med,” sa samen, ”men kor gammal kar æ tæ, og namnet på han.”

Karen fortalde det.

–    – ”Å æ tæ han. Tæ går nok bra tæ.”

Og blødinga sto. Han kunne nok meir enn han ville vera ved.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *