Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Gammal-Erik i kortlaget

Ein seinhaustkveld sist på 1600-talet sat nokre karar og spela kort om pengar på Mo i Støren. Det var drengane på garden og to karar som hadde tenest på Skålvoll.

Det var ein hustren haustkveld med storm og høljeregn. Gaula murra og mamra og mol nedmed mælom. Bekande svart mørker låg som eit trugsmål over dalen.

Kortspelarane sat i ljosskenet frå spikhatten. Det var ikkje på alle gardane at det var spikhatt i drengstuggu.

Best dei sat der og daska korta i bordet og freska på med ein svart ein i mellom — visste dei ikkje av det før det sat ein femtemann i laget. Og denne karen vann kvar einaste kule.

Ein av Moskarane sleppte eit kort i golvet. Da han bøygde seg og tok det opp att fekk han sjå hestehova med velslite skoing på venstre foten til framandkaren. Han skjøna at det var sjølve Gammal-Erik som sat der og tvinna bartane.

Mosdrengen var ikkje sein. Han sa ingen ting men skynda seg til grannegarden som var prestegard i bygda. Presten vart med på timen. Og han bad Gammal-Erik koma seg ut, men smått gjekk det.

Da vart presten arg. Han tok fram ein syl og stakk hol i blyet kring glasrutene i det vesle glaset.
Og no bruka han enda sterkare maning. Gammal-Erik bad pent for seg, men presten var stri. Ut gjennom sylholet skulle han fara. Her nytta ikkje noko kjære mor. Hadde han gått godviljug før så … men no fekk han fara den vegen presten ville.

Ut måtte gamlingen, — «men det va berre så det kven ti øm med det såmmå han for».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *