Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Gammal offerstad på Bones

Bones i Støren er hovdingsetet til Orm Lyrja. Her budde han og Lundesola. Ein må venta at det kring denne garden må knytta seg mykje av segner og legender.

Like attmed Rørosvegen etter at vegen har passert Bonesgarden, ligg ein bergfull skogås. I denne åsen er det eit berg som frå gammalt er kalla Tussberget.

Her må det ha vore ein offerstad frå gammalt. Kven offerstaden var signa til veit ingen, men ein veit at det vart ofra mjølk til Underjordingane her. Dette gjekk for seg heil opp til notida. Underjordingane skulle ha noko av første målet frå kvar nybærku. Serleg var det om å gjera at dei fekk ein god slump av første målet av nybære kviger. Med det skulle ein sikra seg at det vart ei god ku. Ei ku som hell og lykke skulle følgje.

Denne mjølkofringa gjekk for seg heilt til på 1830-talet. Da tok skikken meir og meir slutt, men mange eldre folk heldt fram mykje lenger. Det var mest på luringa dei fór. Dei ville ikkje vera ved at dei heldt på denne tradisjonen. Ein kunne no aldri vita kva det ville føra med seg om dei ikkje fekk denne skvetten. Best å sikra seg, sa ei av dei gamle som ofra sist.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *