Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1966 side 77
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik
Skrevet av Martin Bjerken

Gammel-Pål

Pål var frå Gudbrandsdalen og kom hit til Grong i 1850-åra, da fleire andre derifrå kom og vart verande i bygda all sin dag. Av dei andre som kom på same tid, var Ole Sveinsen Fjerdrumsmoen og kona Anna som vart husmannsfolk på Øiesmoen. Og sonen deira Morten Olsen og kona Ingeborg som vart husmannsfolk på Skistadmoen på Øysletta. Og så kom Amund Torgersen og kona Anne, som festa plass under prestegarden Værum. Johan Torgersen Olstadeie kom visst også i same åra. Han vart gardmann i Skletnesset. Alle desse slo seg for i nedre Grong når ein unnatek Morten Olsen, som kom til Skistad i Overhalla.

Pål Larsen, som seinere vart kalla Gammel-Pål, var etter folketellinga i 1865 fødd i Nordre Fron i 1801. I folketellinga for 1875 står det, at han er frå Lom, så ein kan gå ut ifrå, at han var i Lom da han reiste frå Gudbrandsdalen og kom til Grong. Årstalet når han kom til Grong er ikkje så visst, men at det måtte vera i 1850-åra er truleg, da så mange andre frå Gudbrandsdalen kom nordover.

Det vart sagt, at det var ikkje så godt for småkårsfolka der nede i ei tid, og så flytta dei nordover, der dei hadde høyrt, at det var betre. Det børja også å gå tidend om, at i Målselvdalen var set så gode tilhøve for busetting, og det var mange som tenkte seg dit, men kom ikkje lenger enn til Namdalen, og slo seg ned her. Det var kanskje dei som ikkje greidde å koma lenger. Det var forresten ikkje så lite av eit tiltak å dra frå Gudbrandsdalen med familie og eignaluter på ei handvogn i den tid. Somme eg snakka med fortalde, at dei vilde råke presten Leigh i Overhalla og snakka med honom, då dei kjendte han frå den tid, han var prest i Gudbrandsdalen.

Karfolka av desse dølene var mest kjempekarar, store og sterke, så ein om dei kan seie at det var eit heilt nytt innslag i arbeidskrafta, til stor stønad for bøndene i dei grendene der dei vart buande som husmannsfolk.

Han Pål fortalde visst ikkje så mykje om grunnen til at han flytta nordover, men han skulle ha ytra, at det var ikkje heilt bra heime, at han ikkje gjekk godt i hop med familien der. Og så tok han skreppa på ryggen og reiste nordover. Han ville ikkje ha meir ”bisn og båttabol” med dei. Det vart fortald, at hans rette namn var Lars. Og da han reiste nordover, feiltok han attestar, – tol sonen Påls attest, og måtte seinare kalla seg Pål. Det vart også fortald, at han eingong kalla seg Lars, som han straks retta til Pål.

Frå si tid i Gudbrandsdalen fortalde han mellom anna, at han hadde vore sauegjetar åt bøndene. Bøndene der dreiv mykje med saual, og så samla dei sauane frå ei grend og sende dei til godt beite på fjellet sommars tid. Han hadde passa ”elve hundre tjuefire” sau, hadde han eingong fortald, så det var ingen liten buskap han hadde å ta vare på. På fjellet var ei gjætarbu med gruve og eit bord og ein benk til å sitje på og eit par briskar å sova på. På fjellet var han heile sommaren, og den maten han trong, frakta saueigarane opp til han.

Pål trudde på huldrefolket, og der inne på vidda hadde han høve til å treffe dei. Han fortalde om ein kveld, at det kom ei dame inn i bua og bad om å få kvile i bua over natta. Ho fortalde, at ho var på tur til ei nabobygd, og så hadde ho tatt over fjellet, da dette var ein beinveg mot å fara vegen gjennom bygda. Ho var så ”dan” sa Pål, og han let ho få kvile i bua over natta. Han ”bespiste” henne med mat om kvelden og likeins om morgonen. Og då ho reiste, følgde han henne ut for å sjå ho vel avstad. Då ho kom eit stykke bort på vollen, sette ho i eit skratt, så det ”jøn” i alle fjell, sa Pål. Men først da såg han, at det stakk ei rumpe nedom stakken, og da skjøna han at det var ”rette tøtta” han hadde hyst over natta:

Etter at Pål kom åt bygda, dreiv han mest som gardsarbeidar åt bøndene. Det var mest med øksa i skogen og sloggo på låven om vinteren, og om sommeren var det  med spaden i grøfta og med å grava åker der det var for bratt å koma med plog og hest. Og da Pål, som mest alle dølane, var ein stor og sterk kar, var arbeidet hans å rekna for storverk.

Alltid med tungarbeid sleit han seg ut og måtte ha stønad, og fattigvesenet måtte ta seg av han. Pål kom på legd, og i folketellinga for 1875 står det at han ”hugger ved.”

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde og er tatt av Anders Beer Wilse.

Ja det var visstikkje skort på småved i skytta der Per hadde legda si. Men etter alt slitet sitt vart Pål heilt nedbroten av gikt. Han vart ikkje berre krokut i ryggen, også skeiv, og brukte to stavar når han skulle gå. Det var reint vondt å råka han. Og så vart han så tunghørt, at det var uråd å prate med honom om ein prøvde det. Men han hadde alltid ein stor smil, så ein forstod at det var ei gleda for han at nokon prøvde det. Pål vart gamal og døydde først uti 1890-åra.

Eg hadde alltid godhug med han Pål. Han hadde ei tid vore gardskar her på garden, og han kom ofte hit ein tur i jula. Da hadde han noko godt med seg åt oss småkarar. Det var brunsukker, eller det kunne vera vanleg kvitsukker. Som legdakall hadde han ingen pengar til å kjøpa finare sukkerty. Men som smågut var eg glad for det eg fekk. Og eg hugsar på det store smilet hans Pål, at han som gjevar var like glad som eg. Eg forstod at Pål hadde hjartelag.

Det å koma på legd for dei gamle og utslitne var rekna for ei brukbar forsorg i eldre tid. Det var billeg, da det ikkje kosta meir enn mat og klede åt dei gamle. I matvegen hadde legdslemene det bra. Men det kunne vera kleinare med klede. Det var visst ofte, at dei hadde uty på kroppen og lite likt av den grunn. Og det hende visst at dei drog smittsam sjukdom med seg når dei vart flytta frå gard til gard. Stellet for dei kunne derfor bli så som så. Når ein veit kor godt dei har det dei gamle som no kjem på gamleheimane, melder den tanken seg, at ein som han Pål og fleire som kom på legd, hadde etter eit langt liv med stor arbeidsinnsats fortent eit betre stell enn det dei fekk.

Men slik var gamaltida. Ein må berre vera glad for at ein no er komen bort frå ho.

Readers comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *