Kilde
FOLKELIV I SETESDAL
Av Svein Hovet
Rune Forlag
Trondheim 1969

Gangaren — venaste dansen i Noreg

Sjå livet ikring deg, så dansar du, sa Vinje. Og visst er det at vi har mange vakre folkedansar i vårt land. Men Klara Semb har sagt at Gangaren i Setesdal
er venaste dansen i Noreg, og då ho var fagmann på området, må vi legge
vekt på orda hennar. Men elles kan der nok vera mange meiningar om den
ting. Eit er likevel visst: Gangaren i Setesdal er ein sermerkt dans
som det knapt finst maken til i verda, og det ser ut til at folk
utanfor dalen ikkje greier å få den rette takt og rytme inn i kroppen,
når dei skal prøva å dansa denne dansen. Det må ha samanheng med at
dansen har vakse fram av sjølve folkelynnet i dalen, og er noko av
karakterdraget hos dølen.

Kor gammal Gangaren er, veit nok ingen så heilt nøye, men ein kan nok
gå ut frå at han er om lag like gammal som busetnaden i dalen, for
menneske har alltid hatt trong til å danse, kvar det så var på jorda.
Det er ei naturleg livsutfalding, skapt av gleda over livet. Alt lenge
før musikk kunne nyttast til dansen, levde Gangaren i Setesdal. I
gammal tid tralla dei slåttane, og menn og kvinner som var flinke til å
synge og tralle, måtte vera tilstades når dansen skulle gå. Den første
spelemann i Setesdal, Olav Faremo, førde slåtane over på fela, og etter
kvart som fleire spelemenn kom til, minka det med trallinga; så sant
det var råd, ville folk ha musikk til dansen.

Setesdølene har dyrka dansen sin trufast gjennom alle tider. Medan det
i andre landsdelar var fleire slag dansar hadde Setesdal berre sin
Gangar. Nå har vi rett nok gangar andre stader og, t.d. i Telemark og
Numedal, men der er det ein annan rytme og kroppsføring, merkt av
folkelynnet på vedkomande stad. I Setesdal var det ikkje tale om anna
enn Gangar når det skulle vera dans, og ein kan nok undra seg over at
dei kunne halda fram med den same dansen gjennom dagar og netter utan
stopp, slik det ofte var i bryllaup og gjestebod. Men setesdølene har
alltid vore glade i å danse, dei vart aldri leie av det, og kunne legge
heile si sjel i dansen, slik at den gav dei innhald og utløysing. Om
lag slik som dei på Færøyane framleis kan føra fram sine gamle
folkedansar. Der Gangaren vart framførd med innleving og livsglede,
rådde ei stemning som ikkje er så lett å skjøna for kven som helst.

Eg trur Gustav Wentzel har skapt eit stort meisterverk med sitt bilete av Gangaren.
Ei slik stemning som ein møter i dette biletet, var det oftast som
rådde der Gangaren vart dyrka. Dei ytre uttrykk og rørsler fortel noko
om stemninga i dei som dansar. Eg har set dansarar leva seg så inn i
takt og rytme i Gangaren at dei liksom vart heilt borte frå denne verda
— «som orren blundande leiken spelar». Men det kan vel berre den som
kjenner at dette er noko av ein sjøl, dette er gløymde ætters liv og
lagnad skjelvande fram i tonane frå ei trollstilt fele.

Noko av det karakteristiske ved Gangaren er at ein der kan utfalda seg
som ein har hug til. Ein kan gjera svære sprett og spenn i lufta, om
ein er opplagt til det, men det er ikkje naudsynt. Det er ikkje sprett
og spenn i denne dansen som har blitt mest omtykt. Det var takt og
rytme i kroppen som imponerte folk, måten å føra seg på. «Det var ein
greidleik så det druste», sa dei om ein som dansa «vent». Og folk likte
sjå ein god dansemeister, i lag og gjestebod gav dei han gjerne golvet
åleine av og til, og sat og herre såg på, og levde med.

Eg har sett ein einaste slik dansemeister, ein av dei største som har
vore i Setesdal, nemleg Stein Birkeland. Han gjorde ikkje noko som
helst sprett når han dansa, det var «faktene» som gjorde det, måten han
førde seg på. Det var ei oppleving å sjå korleis heile mannen levde med
i takt og rytme. Lange stunder dansa han heilt lydlaust, herre stod og
svinga litt på seg, med ein og annan sterk appell i golvet, og folk sat
så stilt at der var ikkje ein knest å høyre. Det gjorde også sitt at
Stein var ein stor og vakker kar, men det var nok den sterke innlevinga
i sjølve dansen som greip folk mest. Og det var fela som førde dei inn
i «den andre heimen», og gav dei den store inspirasjonen så dei ikkje
kunne sitta still, men måtte gjeva seg inn i dansen. Feletonane som
løyste noko inni dei så dei kunne gråta av stemning.

Setesdølene dansa sin Gangar alle stader, så snart nokre stykke
møttest, skulle dei danse. Om sommaren, når mest heile folket var i
fjellet, dyrka dei Gangaren ute i det fri. Langt inn i ville fjell har
Gangaren blitt trødd over stølsvoll og moseteppe. Den kjende
spelemannen Knut Hedde rusla lenge frå støl til støl med feleskrinet
under armen. Han var alltid velkomen til dei unge stølsjentene.

– Eg tek meg ein springdans av og til, det gjer så godt, sa diktarpresten Anders Hovlen.

Han dansa rett som det var med døttene sine. Det same tykte visst
setesdølen med sin Gangar, for han nytta kvart høve til å danse. Jamvel
når dei var ved kyrkja og venta på presten, kunne dei ta til å danse
midt på vegen. Ikkje alle kunne venta til dei var retteleg vaksne
heller før dei tok til å danse, det høyrest ut til at konfirmantane var
borti det av og til. Då den seinare så kjende spelemannen, Tarjei
Faremo, bror til Olav som før er nemnd, gjekk for presten, hadde han
fela med seg. Konfirmantane møtte då i Valle både frå Hylestad og
Bykle, og presten hadde dei i skule i fleire dagar om gongen. Men om
nettene dansa dei!

Tarjei Faremo spela ein gong i eit bryllaup i Valle, og der var møtt
fram mykje folk ved kyrkja for å sjå på stasen. Då gjekk Tarjei bort
til flokken og sa:

– Kom, jento, ska eg fele for dikko!

Så sette han seg til å spela, og Gangaren gjekk for fullt utanfor
kyrkja, medan presten stelte med sitt inne. Men då han var ferdig, kom
han ut og såg på dansen, slo saman hendene og sa:

– Nei, nå lyt eg heim etter mor!

Han ville at også ho skulle få sjå den vakre dansen.

Gjennom tidene har dans og musikk i Setesdal vakse seg saman til ein
heilskap, og mesteparten av den folkemusikk som er skapt i dalen, er
danseslåttar. Det var gjerne slik at mange hadde sin utvalde slått som
dei ikkje kunne stå for, når dei høyrde den spela, gjorde dei anten
dansa eller gret!

Ei sann soge gjev eit både morosamt og gripande bilete av dette.

Ein mann kom frå kverna med ein tung mjølsekk på ryggen. Ein spelemann
som såg dette, gjekk ut og tok til å spela den slåtten som han visste
at denne mannen likte serleg godt. Mannen stabba og gjekk og lydde ei
stund, så sette han frå seg sekken og tok til å dans!

Julehøgtida vart det sjølsagt mykje dans, og fekk dei ikkje lånt seg ei
stove til å danse i, så dansa dei i fjøs og utløer. Danse måtte dei i
alle høve, og i det trollske lyset frå ei parafinlykt kunne henda
løynde ting under dansen:

I dansen batt me dei dulda bondi,
du heldt meg harar enn rett i hondi,
og augnekasti du ette drog,
du ha ei meining de såg eg nog.

Men i dei store bryllaup båra det dag og natt av takt og tonar, der
blømde song og spel, segn og soge. Stemninga kunne vel i blant koma opp
i høgste laget når det sterke maltølet hadde gjort sin verknad. Vart
det for trongt inne, kunne det hende dei rudde seg ei slette ute på
jordet eller åkeren som dei hadde å danse på.

Når Gangaren gjekk på ei slette ute i skogen ei vakker sommaruatt, når
feletonane kom eggande inn i heite hugar, når søljene blenkte på kvite
kvinnebarmar, og dølene i sine fargerike bunader gav seg dansen i vald,
med den grøne skogen omkring – ja, då kunne alt dette smelta saman til
eit bilete som ein seint vil gløyme. Ja, det kunne henda nokon gjekk så
opp i dansen at han ikkje fekk seg til å slutte, herre heldt fram dans
etter dans, og når den eine var slutt, ropa han til spelemannen om ein
ny. Akkurat som når spelemennene kom på den «ramme» slåtten og ikkje
kunne slutte, og når folk måtte ta fela frå spelemannen, så gret han.

Ein god slått var framifrå til å roa stridshuga menn. Vart det ein
stopp i dansen, og somme tok til med bråk og slagsmål, laut dei straks
få tak i spelemannen. Når han strauk opp ein god slått, gav alle seg
inn i dansen, og gløymde striden. Ofte lydde det mot spelemannen:

– Kan du kje spela den slåtten!

Mange hadde sin utvalde slått som dei likte best å danse etter, og
ikkje alle danseslåttane har akkurat like god takt. Dansemeisterane
laut iallfall få sin utvalde slått når dei skulle fram på golvet. Dei
visste namn på dei beste danseslåttane, og sa frå om kva for ein dei
ville ha.

Gangaren, det vil seia feletonane, hadde ei veldig makt over dølene, og
har det framleis, om ikkje på same måte som før. Jamvel etter at dei
var lagde om kvelden, kunne dei spretta opp av senga og ta til å danse
når dei høyrde ein god danseslått utanfor. Ein gong Tarkjel Aslakson
var med og henta ei brur i Aardal, vart dei så seine at folk hadde lagt
seg då dei kom. Tarkjel tok opp fela og spela ein slått ute på
dørhella. Dei som var inne, kom seg snart opp av sengene og tok til å
danse, og så opptatt var dei av dansen, at det gjekk lang tid før dei
hugsa å sleppa inn dei som stod utanfor.

Det kan ofte sjå ut som mennesket blir merkt av den natur det lever i,
og setesdølen har gjennom tidene fått sitt lynne innstilt etter
naturmaktene omkring seg. Gangaren speglar på mange måtar av sinnelag
hos dølen, og gøymer løyndomar ved hans karakter. Som Otra kan renna
still og blid gjennom mørke furuskogar, for fleste augneblink å kasta
seg utfor stupet så spruten står, slik kan også stemninga i dølen
skifta i bråe kast. Han kan vera stur og tagall som gråsteinen, for
straks etter å slå seg laus i kåte kast og villskap. Dette same av
storm og stille, hardt og mjukt, merkar ein i mange av slåttane, og alt
saman fortel til slutt mykje om karakterdraget.

Men setesdølen er ikkje den same som for hundrad år sia, han trur
annleis og lever annleis. Kjem Gangaren til å bli borte, og det gjer
han truleg, vil han aldri nokon gong stå fram att i den same form.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *