Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Garden Munkelien

Ein som heitte Syver Halvorsen åtte ein part av Munkelien først på 1700-tallet. Slekta dødde ut med føderådsmannen Knut Ulshus i 1791.

Den andre parten av garden var frå gammalt av benifisert gods og var under Lyse kloster. Seinare kom gardparten under bispen i Hamar.

I 1693 fikk Gutorm Olsen Holdal frå Skrautvål skjøte på den parten som Hamarbispen hadde rådd over. Skjøtet skal visst vere utferda av Oslobispen Hans Rosing.

Eigedomen kom så over til Ole Gutormsen Munkelien og frå han til Gutorm Olsen d.y.

Kven av desse som samla all jordeigedomen i Munkelien, er ikkje kjent. Garden samla var på 7 skinn.

Eldste dattera til Gutorm Olsen heitte Rønnaug. I 1778 vart ho gift med torpingen Amund Olsen, og 5. april i 1784 skjøtte Gutorm Olsen garden over til svigersonen.

(Etter notat av Eivind A. Madsstuen, N. Land).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *