Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Gardisten som drap tri fiendesoldatar

 Gardister

Jentene var interessert i eit bra forsvar også i førkrigstida. J. Å. til venstre. Gardisten til høgre er Abel Tjørhom frå Sirdal. Bildet er tatt hos familie på Jeløy.
Fotograf ukjent.

Dette er historien om gardisten som gjorde det av med tri fiendesoldatar med ein einaste maskingeværsalve i aprildagane 1940.

Jøren Ådneram, busett på Snartemo i Hægebostad, er fødd i Sirdal i året 1914. Alt som ni-åring blei han med på flyttelasset då foreldra kjøpte gard på Refland i Dirdal. Der vaks han opp som andre bondegutar med mykje arbeid og lite pengar. Han las mykje. Idealisme og kjærleik til heim og fedreland fekk han inn med morsmjølka.

Frisk, stor og sterk var han, og gjorde seg ferdig med militærtenesta som gardist vinteren 1935-36. Så kom der tri etter måten rolige år med gards- og veg-arbeid før hausten 1939.

Nå lar vi han sjølv føre ordet.

«Hausten 1939 blei eg innkalla til nøytralitetsvakt på Madla. Vi hadde vaktteneste ved Sola flyplass, og elles vanlige feltøvingar. Så braut Finlandskrigen ut. Vi var veldig oppglødde for Finland si sak, men offiserane slo kaldt vatn i blodet, og meinte det var bare spørsmål om tida for det finske nederlaget.

Ein gardekamerat, Ivar Grønnevik, frå Jelsa reiste som frivillig til Finland, men kom ikkje i strid. Eg søkte og om å få reise, men så kom freds-slutninga før det kom i orden.

Sjølve nøytralitetsvakta blei eg ferdig med til nyttår 1940, og var resten av vinteren på Tryggheim ungdomsskule. Skuleåret her slutta til påske.

 

Så kom krigen

Så kom krigsutbrotet 9. april. Dagen etter melde eg meg til teneste for oberst Børk på Dirdal. Han sende meg vidare til kaptein Larsen på Gilje. Her var det nå mangel på våpen og utstyr. Dagen etter (11. april) var der kome utstyr slik at avdelinga kunne bli oppsett. Nå var Madla tatt av tys-karane.

Tropssjefen vår var fenrik Vanvik. I troppen var fire lag a’ 10 mann. Eg var lagførar for mitt lag. Vi høyrde til andre kompani.

Nå hadde vi feltøvingar og vaktteneste i dagane framover. Ein dag blei vi sende ned til Dirdal i ein fart p.g.a. ein mystisk båt. Så var vi fleire dagar på Ravndal i Gjesdal. Vi låg i løer og hytter. Der på Gjesdal for det framom ei Stavanger-kone på sykkel. Ho sa at hadde vi sett det tyskarane sette i land i byen, så hadde vi bleikna.

Her var snøslaps og vårløysing på vegane, og vi blei sende rundt forbi, til Sikveland — til Figgen — og så tilbake til Ålgård. Ved Vaula bru deler vegen seg og går nordover til Oltedal/Dirdal og sørover til E 18. Ved brua står major Brandt. Han kjem til bussen og høvlar oss over: «Det er dårlige karer som rømmer uten sverdslag, og jeg som hadde satt min lit til dere. Dra til helvete med dere !!»

Frå Vaula bru køyrde vi ein omveg om E 18 og tilbake til Gilje. Som før fortalt, så var eg i andre kompani. Første kompani hadde prøvt å stoppe tyskarane ved Figgen, men ikkje greidd det. Etter trefninga samla kaptein Klunderud soldatane sine. Han gråt og sa: «Dette er det som er igjen av mine folk.» Etterpå synte det seg vistnok at bare ein nordmann var fallen i denne trefninga.

Eld-dåpen

Etter overnatting på Gilje, blei vi sende tilbake til Ålgård og gjekk i stilling på eine sida av Edlandsvatnet. Tyskarane låg på andre sida. Det blei skote med gevær og bombekastarer frå begge sider. Etter det vi seinare fekk vite i fangeleiren, så hadde våre bomber sett tyske kastarar ut av funksjon. Dei tyske bombene gjorde ikkje nemnande skade hos oss. I frivaktene kvilte vi ut i nokre løer.

Nå blei det mellombils våpenkvile, og vi blei sende inn att til Dirdal. Nå var det 20. april, og tyskarane hadde lova at dei «skulle smadra oss”…

På Dirdal var der ferdige stillingar av tømmer, grus og jord, og med skyteskår. Dei hoppa vi rett oppi. Ut på ettermiddagen kom der ein tysk båt mot land.Eg sikta inn maskingeværet mot to mann i ei luke. Då vi tok til å skyte, kom personane i luka vekk, anten vi nå hadde treft dei eller ikkje. Båten snudde og gjekk utover fjorden, slik at han kom utanfor vår skotvidde, før han tok til å pepre oss med granatar — utan å få direkte treff. Vi hadde tri maskingeværstillingar der. Fleire av våre soldatar rømde under bombardemanget, men eg sa vi måtte halde stillinga i tilfelle båten forsøkte seg på ny landgang. Nå gjorde han ikkje det. Major Brandt hadde sett trefninga, og sa at vi hadde gjort det bra.

 

Å skyte eller å bli skoten

Den natta låg vi i bedehuset på Dirdal. Vi hadde fått i oss morgonsmaten då der kom to tyske fly stupande ned mot oss. Dei kom som lyn frå klår himmel, så det var ikkje tale om å få skot på dei. For å verne oss best moglig for kulespruten, sprang vi inn i ei storsteina ur.

Vi blei verande her i ura til det tok til å smelle nede ved sjøen i 16 tida. Eg fekk eit glimt av major Brandt som gjekk heilt oppreist i kuleregnet. Ledsagarane hans sprang krumbøyde.

Nå sa eg med dei andre tri, som var på same staden som eg, at vi fekk gå dit kampen var. Ein av dei svara då: «Det har vi ingen ordre om.» Då sa eg: «De får ta ordre av meg,» men trega og sa i staden at dei fekk følgje dei som ville. Ein følgde då med meg, men dei to drog seg unna. Vi to følgde skogen og løynde oss ned mot kaien. Der fekk vi brått auge på fire tyskarar attmed eit steingjerde ved vegen. Brennsnøgt fekk vi maskingeværet i stilling og slo opp siktet på 150 m. Så stilte eg på automatisk eld, slik at kulene bare rapar ut så lenge du held på avtrekkjaren.

Då eg hadde funne siktepunktet og skote den første salven, låg alle fire heilt stille, og eg trudde alle var døde. Før eg visste ordet av det, spratt ein av dei opp, hoppa over vegen på ein fot, og i dekning. Ein av dei andre heva opp overkroppen ved hjelp av armane. Framleis var m.g. en stilt inn på automatisk. Eg brende av ein ny salve, og mannen valt over på sida. Nå stilte eg av automatikken og gav dei tri kvart sitt ekstra skot. Så vår det heilt stille.

Den fjerde blei funnen neste dag av norsk sanitet; Dei sa det var slik ein kjekk kar.

Troppsjefen gav ros for vel utført jobb. Etter krigen fekk eg deltakermedalje i band med rosett, av oberst Børk.

Avvæpning og fangeleir

Dette som nå er fortalt, gjekk føre seg 21. april. Dagen etter skulle vi halde nokenlunde same stillingane. Då kom flybombinga. Flere bygningar nede i Dirdal kom i brand, så terrenget var svært røyklagt. På ettermiddagen kom tyskarane etter landevegen og vi låg i gode stillingar for å ta imot dei. Men så var det ein norsk soldat som opna eld for tidlig, og vi fekk heile elden på oss, og måtte dra oss tilbake.

Den same hjelpesmannen var med meg som dagen før. Vi stoppa og skaut for å bløffe tyskarane, og eg trur det lykkast. Ei norsk mitraljøse hadde stilling nede ved kaien.Den skulle sikre vegen, og vi skulle vere lenger oppe mot fjellet.

Då det mørkna, tok det til å smelle i terrenget bak oss. Eg ville då konferere med dei som sikra vegen, men fann bare mitraljøsen og ingen folk. Tyskarane hadde funne fram til ein kronglete veg over fjellet, og på den måten kome bak våre stillingar. Vi kunne ikkje drive krigen åleine, og løynde m.g.en, men tok i staden med oss ei vekkslengd Krag og gjekk mot dalen, der vi fekk kontakt med kompanisjefen. Han gav ordre om avvæpning.

I desse siste trefningane fall løytnant Bratt og major Brant.

Nå overtok tyskarane og vi blei krigsfangar. Eg vil tru at dette var siste væpna motstand mot tyskarane på våre kantar.

Maskingeværet som eg hadde løynt i heia, leita eg opp då eg kom heim att frå fangeleiren. Under heile krigen pussa eg det og hadde ei overhaling på det to gonger i året. Det låg i ein kasse trekt med tjærepapp, og kassen var gøymt i ei ur. Etter krigen måtte eg diverre levere det inn, men fekk kvittering der det stod at det var «som nytt».

 

*****

Dette var historien om bondeguten — om gardisten — om ein av dei få norske soldatane som fekk høve til å gjere, og som gjorde plikta si i desse tunge, svarte og vonlause aprildagane for 50 år sidan.

Etter krigen tok Jøren Ådneram handelsskulen i Stavanger og var deretter handelsbetjent på Rennesøy og på Bryne. Etter å ha vore styrar på Gyland Samvirkelag i to år, kom han som styrar til Hægebostad Samvirkelag i 1954.Denne stillinga hadde han til oppnådd aldersgrense i 1980.

I 1952 gifte han seg med Tomine Fidjeland frå Sirdal (f.1923). Nå har dei grodd fast i Hægebostad etter å ha budd her i 36 år.

Det fine og originale murhuset deira, frå 1930 åra har ein stor hage framanfor og ligg sør for ein liten fjellknatt midt i garden, rett nord for Snartemo jernbanestasjon.

Måtte dei framleis få mange gode år saman i den koselige heimen, med venner og kjenningar rundt seg.

(Jøren Ådneram døydde 19. januar. 1991.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *