Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Gås-Per

(Kjelde: Nils Akslen)

Gaas-Per
Gås-Per teikna av Erik Werenskiold på Graffer i 1879.

Gås-Per var ein årviss gjest. Når det leid mot slåtten, kom han, i raudhuva og med stav i hand. Han kom frå Graffer for «å seia te husmennein», som han sa. Nå skal du høyre korleis dette heng saman. I gamle dågå tok Graffer vatnarvatnet frå elva Vulu, og inntaket var oppi Brukveom. Så. fekk Sørstrondgardane og Råsbakkgardane rett til å dela vatnet med Graffer mot å svara plikt i slåtten, Kjæstad med 1 mann i 5 dagar, Rostad med 1 mann i 3 dagar, Skånsar med 1 mann i 1 dag + 1 skilling og Kvaale med 1 mann i 2 dagar, omgjort i pengar: Kjæstad 1 ort 8 skilling, Rostad 1 ort, Skånsar 16 skilling og «Quale» 1 ort. Rekna i dagløner: Før Larsok 12 skilling, men «deretter kun 8 skilling». (Dette etter forlik 6. september 1830. Eit tidlegare forlik 1761.) På denne måten vart gardane for husmenn å rekne under Graffer etter Gås-Per’s hovud. Han var forresten opplagd til spøk og kjend for også gjeva råkande kvasse svar.

Gås-Per var fødd i Andvordshaugen. Han var ein liten tufs og lite godte-seg i arbeid og slikt. Han kom på legd hjå Jacob Laargard på Graffer, og vart varande der til sin døyande dag. Han gjætte gjæser på Laargard på Sel, under navnet Gås-Per, han skyssa nok turistar og (det var skyssstasjon på Laargard), og det blir fortalt at turistane ein gong spurde han om kvifor han vart kalla Gås-Per. — Veit døkk ikkje at aille store ska hå eit te-namn, svara Gås-Per.

Per var mykje tilbakeståande (som det heiter) på mange måtar, men synte serlege evner på sume område, m.a. hadde han eit uvanleg godt minne. På Graffer trong dei ikkje gå til kyrkja kvar sundag, for å lye messe. Det greidde seg med at Per gjekk. Når han kom att frå kyrkja kunne han taka opp-att preika ord for ord og med fakter og betoning som presten brukte.

Hans byrgskap var at han var betrudd til å hente posten, også pengebrev nede på Garmo. Dei siste bar han under raudhuva eller i ei underlomme, om han hadde ei slik, men da heldt han alltid ei hand utanpå. Han var til å lite på, trufast til det siste

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *