Internt referansenummer: 30.11.2014 – BOK
Kilde:
Bjørn og varg i Selbu og Tydal
Utgitt av Selbu og Tydal Historielag
Illustrert av Kolbjørn Lien
I kommisjon hos F. Bruns Bokhandel Forlag
Trondheim 1963
Klikk her for å lese ”Forordet”
Klikk her for linking til Selbu og Tydal Historielag

Gaupa og Venndalshunden

Ved J. Aftret

Den tid Valdemar var gjæter, var det mykje gaupe inni marka. Ho var lumsk og slug, og vanskeleg å få has på. Det var serleg geitene ho var ute etter. Den tid setra dei i Justbjørga om haustane. Det var ein einsleg plass som folka hadde flytta frå. Det var ikkje rom for alle geitene i fjøset. Dei stod under buret og inni buret som dei ville. Hunden låg utpå dørhella og passa på. Så gjekk Valdemar ut og tok inn hunden så han skulle få mat. Straks etter fekk dei i lampeskinet utafor glaset sjå geitene i vilt oppstyr uti garden. Med eitt var hunden på høra og ville ut. Valdemar opna døra og sprang etter. Hunden for oppunder buret, og Valdemar sprang nedåt fjøsnova. Da hørte han det snera, og han kjente noko som strauk mellom foten sin og novsteinen. Det var ei gaupe. Hunden var straks etter, men han for på den andre sida åt guten. Dei såg ikkje gaupa meir den hausten.

Ein gong kom to karar på ei gaupe som åt på ei geit oppå Venndalsberga. Hunden var med, og han tok sporet, og karane sette etter. Gaupa hadde eti mykje og var tung tå seg. Ho gjekk difor opp i eit tre uti Dragstmarka. Karane fann att grana, men dei hadde ikkje børse. Det var berre i Aunet det fans børse. Så skulle den, eine karen gå ned i Aunet og få med seg han Bersvend med børsa, og den andre karen og hunden skulle stå att og passe gaupa.

Han Bersvend var så lei til å terge hundane. Dei vart så forbitra sint berre dei såg han. I Venndala hørte dei på hunden kven som var ute og for, når han Bersvend kom til gards. På Jari vart det så fælt hundeleven uti garden ein kveld. Dei skyna det var Bersvend som var ute. Då dei såg ut gjennom glaset, såg dei hunden! for og gjekk oppå fjøstaket. Då hadde Bersvend fått tak i hunden og kasta han opp på taket før han sopa snøen av seg og gjekk inn.

Inni marka satt karen og passa gaupa. Når han sette seg, reiste gaupa seg opp på kvisten og skaut rygg. Reiste karen seg og hytta med hendene, la ho seg still. Så kom Bersvend med børsa. Då skalv gaupa så ho mest datt ned. Han skaut, og ho datt. Då tok hunden fatt på henne, men det var ikkje mykje liv att.

Etter den dagen vart Venndals-hunden og Bersvend Auni dei beste vener. Hunden søkte aldri på Bersvend meir, men strauk seg innåt han og dilla med rorapa. Hunden var til og med inni Aunet og såg om Bersvend og låg attmed føtene hans inni stova.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *