Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”

Geitvikja

Dei bygg stort: I Geitvika er dei komne ut av fonnfaret. Det var låke hendingar der. Første gongen var fastelag-sundag 1755. Då gjekk ei snøfonn. Ho gjekk heim i Reitane. Utanfor elva budde ei kjerring som hadde eit barn. Dei vart drepne begge to, sa¬man med to kyr og nokre smale. Husa vart heilt sundbrotne. Sidan hev der ikkje budd folk.

Andre gongen var i 1757, i vinterfiskja. Det hadde snøa i heile tre viker, so det var ei forskrekkeleg snørid. Ein kunne knapt kome husemillom. Den dagen fonna gjekk, snøa det heile dagen. Jon Fyrde sette ein staur i jorda då han tok til med husandakt. Det var ein sundag ulukka hende, og då han var ferdig med hus-andakten, hadde det snøa ei aln. På Fyrde høyrdest dynet av skredet. Dei trudde det var jordskjelv, for grunnen skalv so dei vart heilt forskremde.

Dagen etter då snøkaven letta, såg folk i Follabygda at ei ulukke hadde hendt. Dei ropa då frå gard til gard og han Ola Holsvik kom seg med mykje møde inn på Holsvikhalsen og ropte til Fyrde om ulukka.

Karane på Fyrde fekk han med mykje møde over elva. Dei vart då fire mann som tok til å arbeide seg utover til Geitvika. Det gjekk visst to dagar til det. Då dei kom dit, var de eit syrgjeleg syn. Der fanst ikkje att korkje av hus eller gard å sjå til. Det var sopt på isen alt saman. Det einaste levande der var, var ein katt som gjekk nedpå isen og grov. Der fann dei liket av begge huslydane, tretten menneske. Ei av konene fann dei ikkje før om våren. Ho hadde fylgt isen like til Yksnøy. Der var to mann i Geitvika då, Anders og Hans, og Geitvika var ein fin-fin gard. Det var ein svær dag då dei skulle til jorda med alle lika. Begge mennene var i vinterfiskja, elles hadde dei vore med i ulukka. Fem av kyrne fann dei att borte ved Kieneset. Dei hekk i bandhalda etter hovuda. Smalen låg i ein dunge mest i lag. Isen var denne vinteren so sterk at dei køyrde han frå Fyrde til Høydalsnes.

Sidan låg Geitvika øyde i 17 år. Det kom ein nordfjording frå Otterdal og kjøpte henne av oppsitjarane på Fyrde for ei kyr, ei kvige og ein bukk. Mannen fekk 25 riksdalar av det offentlege fordi han busette seg her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *