Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Gift med ei hulder

På 1500-talet var det ein ung gut i ei gauldalsbygd. Han var sers velvaksen og flott kar på alle vis. Dugleg arbeidskar var han også. Alt han tok seg til skipa seg så vel at det gjekk gjetord om kor godt handlag han hadde.

Ein vårdag dreiv han og baksta vinterkjøredoningar bak låven. Sola skein og flugone summa.

– ”God dag og signa arbeidet,” helsa ei blid jenterøyst. Guten skvatt med det same. Han hadde stått der i sjølstøa si. No såg han opp og helsa att.

Ei trollfager ungjente sto framfor og smilte så blid.

–    ”Vil du ha meg?” sa ho og kom heilt innåt han.
–    ”Ja visst vil eg ha deg,” sa guten og med det var han selt.

Jenta sette seg rett ned på den nysmurde sleden og tok guten i fanget. Ho strauk han over håret og over heile kroppen til han sovna. Og same dagen sto brudlaupet hans saman med fagraste jenta i all verda. Men ingen av ætta hans var med.

Sju år gjekk. I desse åra hadde han fått sju søner med kona, og dei levde lykkelege med kvarandre.

Han var ikkje så langt heimanfrå. Kvar dag såg han korleis arbeidet på garden gjekk, men han hadde ingen kontakt med dei. Om han møtte nokon av folket sitt på vegen så såg dei han aldri.

Ein dag var kona hans ute og gjekk. Ho kom over jordet til folket hans. Da hørte ho at dei tala om guten som vart borte. Dei kunne ikkje skjøna kvar han hadde gjort av seg. Ei ulykke måtte ha hendt han. Da synte ho seg for dei.

–    ”Han er gift med meg han og har det så bra på alle vis. Smør denne salva over augo så skal de sjå kvar vi bur.”

Dei gjorde som ho sa og fekk sjå eit stort, pent slott like borti skogkanten.
Men han som vart gift med huldra såg dei aldri att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *