Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

GIFT MED EI HULDREJENTE

Det gjekk ein unggut og slo inne på Fjotlandsheia. Kvar dag kom det ei ven og nett huldrejente og rødde med han og baud giftarmål, men det torde han ikkje fortelja til foreldra sine på lenge. Dei sa då at han måtte nok ha jenta dersom ho var rumpelaus. Det var guten sikker på, og han lika jenta svært godt. Ein dag dei råkast, kasta han slirekniven over henne, og så blei ho verande hos han.

Eit bel etterpå kom huldremor og sa at han måtte nok ha dottera, men han laut vera god med henne. Då skulle dei bli rike og lukkelege, men var han vond, skulle dei bli så fattige at det vaks lyng i åkerreinane.

Det gjekk godt ei tid. Han var snill, og altting treivst og lukkast for han. Men så blei han arg og vond. Då armast dei ut, og kona gjekk og gruna og gruvla på kva ho skulle gjera. Det var ikkje til å halda ut. Men så ein dag kom ho bort i smia og ville ropa han heim til middag. Han var like gretten som vanleg, og kasta eldtonga etter henne. Då treiv ho ein hestesko og vrei som ei vidje og sa:

– Slik kunne eg vri deg åg, du som er så vond med meg.

Smeden stokk, og frå den dag torde han ikkje anna enn vera god med kona si.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *