Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Gunnleik H. Mjellekaas

 

Giftarmål

Eg blei gift i nittenhondre-o-tri mæ Torbjørg Halvorsdotter Deilda — ho va frå ein husmannsplass onder Vårstulen. Deilda va ein liten jordveg som nå æ nedlagd. Mor te kjæringa kom frå Mjellekås o far hennars frå Deilda.

I den fyste tia budde me på ein plass som hette Bakken o me budde dær i tri år. Eg arbedde stendigt på Mjelland — va dær vår o såmmår i onnin, o i skogen høst o vet. Eg høgg o kjørde bruk, dagløna va ei krone o femti øre o dærte ha eg kosten. Men løna gjekk upp mæ tja, o ei ti ha eg omkring fire-fem kronu dagen. I nittenhondre-o-ølløv kom eg te Mjellekås. Dem gamle døde o eg satt på åremål. Ingen spurde ette nokko, o dæ va ingen avtale elles, så eg satt på den gamle rettigheten at eg sku skjørå fire mål o betale trædve kronu i året.

På dæ siste Torjus Mjelland levde, fekk eg skriven kontrakt o beheldt den gamle rettigheten som va på plassen. Dæ va rett te husefang, brænneved o gjerdefang. Dessan trædve kronun va erstatning fe gamle pliktir. Husmannen på Mjellekås sku skaffe gjetar på Mjelland, o dem sku ha ein sau o ein kælv i fôring. Dettan va pliktir som gvilde på plassen ifrå eldgåmmål ti. Så kjøfte eg Mjellekås i nittenhondre-o-fem-o-trædve da dæ kom ny eigar på Mjelland.

Me ha hatt sju ongar, o seks lever. Ei jente døde som lita. På ein måte ha me gredd konn, men dæ konne vørå stritt, særleg i den tia da lønin va små. Ein må vorå glad fe at dæ ha gjengji så bra som dæ ha gjort.

 

Om forteljaren Gunnleik H. Mjellekaas

Forteljaren, Gunnleik H. Mjellekaas, blei fødd i 18751 Gransherad. I dag er Gransherad ein del av Notodden kommune. Intervjuet er frå 1956.

Far hette Halvor Gulliksen Mjaugeto, o mor Torbjørg Jonsdotter. Ho kom frå ein liten jordveg som hette Dalen nordmæ Reisjå i Mostue.

Dette er historia om ei tid då folk tente lite og svalt ofte. Gamle folk gjekk på legd og ungane frå ein husmannsplass fekk ikkje lære å skrive og rekne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *