Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Gjelsetkarane hadde sæter sør med stranda

Før i tida hadde Gjelsetkarane sæter sør med stranda. Og på denne sætra hadde dei sitt tilhald alt med dei var der og slo.

Ei terne som heitte Johanna var frami noko styggemakt der ein kveld. Ho var gangande ut; og so visste ho ikkje av før ho hadde ein overhendig stor mann standande framfor seg. Han greip i henne og vilde dra henne med. Men i det same fekk ho mål for seg og la i å ropa alt med ho vann. Og dentid husbonden fekk høyra dette, greip han to eldbrandar av gruva og la på dør. Men fyrst han var på tropphella, kvarv denne skapnaden ho Johanna kampast med, so ho vart fri (Gildeskål).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *