Internt referansenummer: 07.11.09 – A

Kilde:
GJEMNES-MINNE 2008

Gjemneskoret i 20 år!

av John Neergaard

Kor har vi hatt i Gjemnes sidan 1874 da lærar Fjeldset stifta kor i Torvikbukt.
Seinare lærar Bakke på Bergsøya i 1896,  samme året som Flemma songlag vart stifta.
Storlandet hadde kor fram til 1916 og på Gjemnes leidde lærar Sjømæling blandakor der.
Batnfjord mannskor starta i 1943, men var i drift berre i 2 år. Skulestyrar Grytli hadde kor i Torvikbukt og det siste blandakoret der var John Gjøen dirigent for.

Fleire kor var igang for kortare eller lengre periodar utan å nemne fleire her.

Skeidsdalen songlag kom igang 1897. Etter fleire pausar og under ymse dirigentar, tok K.E.Sjømæling til att som dirigent i 1960. Koret hadde fleire dirigentar fram til 1987, da ein vart samde om å stable eit nytt kor på beina.

1.juni 1988 vart det halde møte om starting av nytt kor og mange songarar frå Skeidsdalskoret gjekk rett over i  Gjemneskoret som vart namnet på det nye og som hadde hadde den 1. opptredenen ved kulturhelga i Gjemneshallen den 12.nov. –88. og Randi Kulseng frå Molde var 1.dirigenten i det nye koret.

Dirigentar har vidare vore:

John Neergaard,
Mari Jensen,
Ruth Solbakk,
Gro Kjelleberg Solli,
Geir Berg og no:

Therese G- Sørensen.

På dirigentpulten har og Ottar Ohren stått ved ymse høve.

Arild Nordengen har med sitt eminente pianospell, hjelpt oss mykje.

Sammen med Flemma songlag framførte vi julekantaten: Et barn er født i Betlehem av Magne Harry Drågen i Øre kyrkje den 18.des. 94. Same året arr. koret songarstemne på Batnfjordsøra og vi fekk fana måla av PerAslak Øverås.

Året 1995 mottok Gjemneskoret Sparebankprisen sammen med Flemma songlag. Dette var også året med flest medlemmar: 33.

Vi er komme fram til jula 2002 da Joh. Seb. Bach sitt Juleoratorium vart framførd i Øre og Nesset kyrkjer av dei 3 kora som er her idag + solistar.

Den 4. juni 2005 arr. vi songarstemne med konsertar i begge kyrkjene og elles i Gjemneshallen. Hanne Krogh hadde førejulskonsert sammen med oss i Øre kyrkje den 27.nov. dette året.

Rolf Hindhammer skreiv kantaten: Kom store under og den var vi med på å framføre den 16.12.07 i Øre og Nesset kyrkjer.

Songarstemnene rundt om har Gjemneskoret vore med på kvart år og som ekspl. på dette, kan nemnast at vi i 2006 var på Fosna. Men den lengste korturen blir nok 17.- 21.sept, da vi skal til Riga. Da vil også Therese få oss til yte det beste slik som i resten av denne konserten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *