Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Gjentone som var ute i teneste

Det var ein gong ein mann som hadde tvo døttar. Den eldste skulde ut i tenest. Eit stykkje burt i vegen var det ei grind ho skulde igjenom.

«Lat meg sakte upp, lat meg sakte att elles so dett eg i hundre knas», sa den gamle grindi.

Men det brydde kje gjenta seg um, ho slo grindi att det hardaste ho vann. Då ho kom til den garden der ho skulde tene laut ho fyrst til å bera vatn i eit sold. Medan ho stod der og auste, kom det ein liten fugl og kvittra:

«Klin med leir,
klin med leir!»

Men gjenta brydde seg ikkje um kva fuglen kvittra um, og vatnet rann ned.

So ein dag skulde ho til å veva. Då kom fuglen atter kvittrande:

«Vev med stikke og strå,
so vev du snøggare tå!»

Men dette brydde gjenta seg heller ikkje um, og det vart seigt og lenge før ho fekk veven ned.

Då ei tid var gjengi skulde den yngste døtteri i huset ogso ut i tenest. Då ho kom fram til den gamle grindi sa ho som fyrr:

«Lat meg sakte upp, lat meg sakte att, elles so dett eg i hundre knas».

Gjenta so gjorde, ho tok varsamt i grindi både då ho let upp og let att. Gjenta fekk teneste på same garden som systeri.

Fyrste dagen skulde ho bera vatn i eit sold. Då kom den vesle fuglen og kvitra til henne:

«Klin i leir,
klin i leir!»

«Takk for godt råd», sa gjenta, klinte soldet med leire og bar vatn heile dagen.

So skulde ho til å veva. Fuglen kom att kvittrande:
«Vev med stikke og strå,
so vev du snoggare tå!»

«Takk for godt råd!» sa gjenta og gjorde so, og ho var snart ferdig med veven.

Då gjentone skulde få løni si fekk dei kvart sitt skrin. Eit var måla og fint, det andre svart og stygt. Den eldste gjenta skulde velja fyrst. No kom den vesle fuglen kvittrande att:

«Ta det svarte, ta det svarte!» sa han. Men gjenta brydde seg ikkje dusti ur kva fuglen sa og tok det fine skrinet. Systeri fekk då det svarte.

Då dei kom heim fekk den eldste gå ut i kleven og opne skrivet sitt, men den yngste fekk ikkje ein gong vera i stugun, ho måtte vera i stallen medan ho opna det. I skrinet hennar var fullt upp med fine og kostbare ting. I skrinet til den eldre systri var berre stygge og verdlause ting. Då måtte den eldste flytja i stallen og den yngste fekk flytja i kleven.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *