Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

«Gjeve atti skåla»

For brudefolket var dette «høgdepunktet» for heile festen. I mange høve var dei pengane som då kom inn, startkapitalen for dei unge. — Eg var i eit brudlaup i Brandal i 1886. Då vart der gjeve 1200 kr. «atti skåla». På jamnen gav karane 1 dalar, og kvinnfolka ½ dalar. Men skyldfolk og sers gode vener gav gjerne mykje meir. Frå 50 til 100 dalar var det jamnaste som kom inn i eit brudlaup.

Brudlaupet stod jamnast i heimen åt bruda, og foreldra hennar kosta det.

Millom matyktene dansa ungdomen. Og etter vigsla i kyrkja fekk bruda ei travel tid:, alle skulde «danse med bruda». Brudefolket vigde dansen. Fyrste leiesveinen baud so bruda upp, og sidan gjekk det med bruda ”tolde og trakte”.

Dei eldre sat rundt veggene og såg på, kritiserte og mintest si eiga tid. — Var det ein som merkte seg ut kunde domen falle slik:

«Han flår ikkje huda med navaren den karen». (Det fel lett for han).

Eller dei eldre sat rundt bordet i brudlaupsstova og prata eller song med kjøkemeisteren i brodden. Nokre gamlingar sat gjerne ved bordenden med ein kortstokk og ein ølbolle framfor seg.

I 60-70 åra var det slik at med undantak av nokre få songar «som hadde gjort seg sjølv», var det songane i «Kløverbladet» som kom ut på Ekset i Volda dei heldt seg til, eller songane i Tegners «Fridtjofs saga».

«Kong Ring satt fro i høybenk,
i julen og drakk mjød —»

var srvært populær. — Ein variant av Heibergs:

«I rykende uvær», og

«Det var meg fortalt uti Nor,
der jeg bor,»

vekte stødt jubel og fagnad.

Etter Arne Digernes. Ørsta 1938.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *