Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Glunten som støypte nye auge åt resefolket

(Saltdal)

Resen hadde røva åt k’g to sysken, ein glunt og ei vekje.

Det var gygra som hadde tilsyn med borna. Resen styra med noko arbeid borti ein skog, så han forlet heime kvar morgon og kom ikkje att for det var seinkvelden.

Alt med resen var borte, sat glunten på gruvsteinen og støypte tinknappar; han var så hendt med slikt, denne glunten.

Lenge gav ikkje gygra nokon ans på han. Men så ein dag spurde ho kva det var han styra med annast han så jamt herska med varmen.

«Eg støyper auge,» sa glunten.

«Auge?» sa gygra. No var det jussom ho vakna til. Ho var så skral på syna, det var just så ho såg det ho trong.

«Ja, her ser du,» sa glunten; han tok ein knapp og heldt åt henne. Og ho måtte saktens sjå kor det blanka av det han hadde mellom fingrane.

«Vil du eg skal støypa nye auge åt deg, mor?»

Ja, det ville ho gjerne. Så bad glunten henne setja seg. «Men legg no hovudet godt attover,» sa han. Så tok han smoltna tin og kvelvde i augo på gygra, så ho dauna der ho sat.

Om kvelden kom resen heim.

«Nei, sjå ho mor, kor blankøygd ho sit der,» sa han; han såg gygra sitja der med augehola fulle av tin. Så tala han til henne; men då han ikkje fekk noko svar, sa han: «Det var då noko kor krepp du har blitt.»

Då var glunten snar om å fortelja at han hadde støypt nye auge åt gygra. «Men vil du, så kan eg støypa åt deg og,» sa han.

Ja, når han skulle seia det som sant var, sa resen, så var han åt og dimdest såpass på syna han òg, så han kunne trengja til nye auge.
Glunten bad resen setja seg, «Men hall no hovudet godt attover,» sa han. Resen gjorde som han var bedd. Så tok glunten smoltna tin og kvelvde i augo på resen, så han dåuna.

No var det klar både resen og gygra, og fyrst det var ganglyst om morgonen, gav borna seg på heimveg.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *