Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Glunten som var til dreng hos resen

(Vatnbygda, Fauske)

Det var ein glunt som var så forgale lat. Om dei sette han til eitslag arbeid, såg han det jamt ulikt. Det einaste han dugde til var å gjera kjelter og ugagn.

På det siste vart dei lei han alle heime, og ein dag sa faren til glunten at dei såg det ikkje likt å ha han gangande på dette viset, så det var best han kom seg heimanav. Glunten fekk no ein kvitost åt mora, den skulle han ha til vegmat, sa ho. Og med det forlet glunten heime. Han tok innetter ein skog; men dentid han hadde reist eit stykke veg, vart han kei. Dertil syntest han det var så lenge sidan han for heimanav, så han trong til mat. Han krau opp i ei fure og tok fram osten.

Alt medan kom det ein rese farande. Fyrst han vart vis glunten, la han til å ropa: «Kven er det som dristar seg inni min skog?» Men glunten gjorde som han ikkje høyrde; han sat berre og togg på kvitosten som mora skikka med han. Resen vart no så over seg arg han kom fram til fura. Der gav han seg til å bauka opp molda kring røtene så det stod drefset til alle kantar. Men glunten var ikkje kurnasa; han sat like ferm. Dess argare vart resen. Sluttpå var han så vill han fata i ein stein og kleip den mellom fingrane til det taut vått or steinen.

«Sjå no hitett urlite,» sa glunten. «Såpass tak er det i fleire.»

Og så kreista han ihopen osten til det drepla myse or. Då resen såg dette, vart han spaken med eitt. Han trudde det var ein stein det glunten hadde i handa, og tenkte han hadde funne sin like. Resen gav seg no i tal med glunten, og lei om litt talde han på om å få han til dreng. Ja, glunten tok seg fast hos resen. Han skulle vera i tre år, og i løn skulle han ha ei tunne gull om året.

Det fyrste glunten fekk til arbeid, var å henta vatn or ei kjelde. Resen var og leita fram to store barkarkar til kjørel. No veit du glunten var reint forkomen med slikt å bera i. Men han tok berre til å slå stort på.

«Har du ikkje anna til kjørel enn desse kaupane der, får du ikkje meg etter vatn,» sa han.

Så for resen sjølv med kara og frakta heim vatn.

Det næste glunten vart bedd om å gjera var å gang på låven og trøska. Resen var og henta ei sloe, eit uting så stort og uveinsleg. Glunten forstod han kom til å bli for lett om han skulle ta i ferd med slikt. Men så berga han seg med store ord.

«Kva er dette for banspel,» sa han og peka på sloa. «Nei, vil du ha meg til å trøska, så får du gje meg anna å halda i. Løa og mønsåsen vil eg ha til sloe,» sa glunten.

Men då fira resen seg ned med trøskinga; han bad glun¬ten la vera, for han ottast han skulle ry ned løa.

Kvartetter tok resen til å bli så høveleg redd denne drengen, og han grunda mykje på kor han skulle bli av med han. Ein kveld etter dei var lagde, kom han til å klaga seg for kjerringa
om dette. Ho gav no resen den råda han skulle prøve å få glunten avkjælt. Men resen bad seg fri det arbeidet; han, var redd han sjølv kom til å gang åt om han baud seg til med det, sa han. Men kjerringa mota på resen; han skulle ta på drengen med han sov, sa ho.

Glunten låg oppå loftet og høyrde på kor resefolket rådslo. Så stilla han seg or senga og la ein strange oppi. Sjølv krau han innpuinn sengtilet. Straks etter kom resen og kjerringa stillande. Resen var berande på ein stor bakse. Så for han fram til senga og til å dundra og slå. Og slik gav han på til han trudde glunten var klar. Men då resefolket var nedfarne, la han eg i senga seg att.

Om morgonen kom resen glyttande på loftet. Glunten sat då i senga; han var med handa innpå barmen og gjorde som han skaka og klo seg. Då resen vart vis at glunten var i live, vart han standande utan å få mål for seg; for han leit så visst han skulle finna han liggjande klar. Men då resen kom til seg att, spurde han glunten om han hadde havt det noko ufredsamt om natta. Ja, sa glunten, det var eit tak han merka som ei krebling, men han fekk det så til det var loppene som forarga seg, sa han. Då gav resen seg til å tinga med glunten om å få han til å reisa. Glunten sa seg umotig til det. «Her har eg det godt på alle vis,» sa han. «Og eg vil gjerne stand i tenesta den tida eg har lova.» Men resen var så innstreven på å bli av med
dren¬gen så han baud seg til å betala tre års løn om han ville fara. Det ville då glunten ta med i fall resen gav sitt ja til å frakta heim alt gullet. Ja, det lova han; han fylte ein sekk med gull, og så bar det i ganginga med dei.

Då dei var frame, var glunten etter ei måltunne. Den vart just full av det som var i sekken. Men alt med resen var etter andre børa, gjorde glunten fark med målet; han slo botnen or tunna og sette den oppå eit barkarkar. Så kom resen med sekken og tømde or; men då han skulle glytta etter, var det just så gullet vistest i tunna. Han til å undrast kor dette munde, vera. «Tunna vart då full med ein sekk sist,» sa han. Men glunten fekk det så til det var resen som hadde lagt mindre i sekken andre gongen. Resen leit på det, og han i veg etter ei bør til.

Då han endeleg hadde fått i tunna, og resen var etter gull til tredje målet, var glunten og tok av kjellarluka og sette den botnlause målfunna over holet.

Så kom resen farande. Og denne gongen hadde han lagt så likt i; sekken var breidd full, det var just bandet heldt føre. Ja, han tømde or. Men du veit kor det gjekk, gullet rau gjen¬nom tunna og ned i kjellartufta. Og då resen skulle glytta etter, var det just så han såg det blanka i gullet. Han til å klaga seg for glunten; han pakka sekken full, sa han, og leit så visst på at let skulle bli fullnaden med ei bør. Men glunten fekk tulla tullen i resen så han la i veg etter meir gull. No streta han og bar den eine børa på den andre. Kvar gong han kom med sekken, kjæra han seg for alt gullet han vart av med; og han bad så tunt at glunten måtte seia seg nøgd med det han hadde fått. Men glunten gav ikkje etter; han skræmde berre med å koma baker til dreng, og på det viset fekk han persa resen til å bera til kjellaren var smekke full av gull og store haugen på tunna.

Og no var glunten så søkke rik han vann ikkje baska av helvta av gullet i si tid.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *