Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

God bør

Var det ring bør, so var det råd mot det óg. Det var berre å kaste ein skilling — eller enda betre — ein sylvknapp — på sjøen, so skulde dei med ein gong verte signa med fin seglbør.

Når ein rodde ut på havet, so måtte ein akte seg for å spytte over ripa på vindsida. Då kunde ein ottast for å få storm.

Var ein so uheppen å misse fyrste fisken når ein hadde fått han under ripa, so kunde ein godt vende heimatt, for då var det slutt med fiskelukka den dagen. Men elles var det råd med det óg, dersom ein var «fyre var». Det var berre å spytte godt på ongelen før ein kasta. Då vilde fisken hange godt på.

Ynskte kona god fiskelukke med, var det dårleg. Det kunde ligga mykje vondt i slike kjerringynskje, jamvel um dei var aldri so vel meinte. Då måtte ein spytte tre gonger mot land med same ein reiste.

1939

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *