Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Godpølsa

Han Hans Henrik var dreng hos ho gamle Øllegård, klokkarenka på Skaland . På same tid var han Jens Bing dreng hos han klokkar Andersen som budde i Kopparvika og var ungkar.

Ein kveld kokte ho Øllegård pølse, og ei av pølsene var serleg stor og god, for den pølsa skulle vere foræring til Heitmannfolket inne på Pila. Men han Hans Henrik og han Jens Bing lurte seg opp på taket med ein flyndrepik og stakk han gjennom skorsteinen og ned i gryta og fiska opp godpølsa. Dei hadde eit herleg mål mat oppe i bakkane om kvelden.   
(Kristian Sørensen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *