Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Graafolen ved elva Graafolaano

Nokre miler aust ifraa Aardal er ei heid som dei kallar Nilsebu. Der renn ei elv som dei kallar Graafolaano. Ho hev namn etter ein fole som gjekk der i lange tider og bar folk yver elvi. Naar ein mann kom og vilde yver, tok han beitlet og beitsla foten, so sette han seg uppaa og reid yver. Naar han so var yver komen, tok han beitlet av og sleppte folen. Denne folen heitte daa Graafolen.

So var det ein gong ein mann hadde ride yver elvi, og daa han so tok beitlet av, so slo han folen med milet og sa: «Far til helvites til dine like!» Daa sette Graafolen av i eit renn, ingen saag kvar det vart av han. Men etter den dagen hev ingen set noko til Graafolen. Folk som sidan vilde yver elvi, laut hjelpa seg paa andre maatar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *