Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Gråsva-sjogskryu losna

(Kjelde: Nils Akslen)

Slik fortalde Nils det:

— Eg har ein gong sett at ei sjogskryu losna. Oss ha’fått båkå någå på Kløvvøllom, og eg var stad skulle hente brødet. Eg kom ut med brødfanget, da eg såg Gråsva’fonne kåmå. Ho gjekk ned i Kvamsøygardom. Eg såg ikkje sjølve skryu, berre gabbet tå’n. Eg gjekk inn att med brødet og skunda meg over elve og upp i Kvamsøygarden. Der trefte eg kjerringje, ho Gjøa. Ho skulle gøyme seg for skryun, og smatt under sengje, fortalde ho, og hyfsen var ho enda. Elles var det ein utveg å smette ni kjellar’n sålest. Mann’ henna, ‘n Ola, var trast før gått nordover åt Amillom, der ‘n skulle gjera tå låva, og nå var Gjøa redd at ‘n skulle vera reist i sjogskryun. Eg baud meg te å hjelpe å finne ut kålest dette var og gjekk åt Amillom. Eg fann ‘n Ola på låva, og der sat ‘n og kasta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *