Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Gravmold

På ein gard her sør i fjorden kom ein gannlapp frami nokre ungdomar som sat med brennevin. Dei baud på dram. Jaha, det høvde; du veit lappen og brennevinet! Gluntane slo no på han, til han tok åt å bli høveleg piskjen. So var det ein av dei som so halvt på gap tok til å driva med lappen og vilde ha greide på kvar han hadde fått tak i kunnskapen sin.

«Da lær på kjerkgårn,» sa lappen.
«På kjerkgårn? Glunten gjorde seg no tåpen. «Dar e no berre daumannsbeina, dar.»
«Ja, da godt nok.» Det var berre han gav seg dit ei natt so i midnattstida, sa lappen. So skulde han kna ihopen ei kake av gravmold og deretter peka hol i den med fingeren. Um han då glytta gjenom dette holet, so fekk han sjå det han meir trong um, sa lappen (Gildeskål).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *