Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Gribben på Hamarøy

For lang, lang tid sia var det ein gribb som hadde tilhald på Hamarøy . Det var ingen vanleg gjest. Han slo ned på både folk og fe. Ein av dei beste skyttarane i Hamarøy gjekk oppunder fjellet med børsa si. Han hadde med seg ein saueskinnsfell. Den vekla han om seg, og la seg under fjellfoten. Det var sant. Det gjekk ikkje lenge før gribben kom. Han krinsa rundt «sauen», og slo ned med full vengefart. Då small det med det same, og der låg gribben — bygda sin skrekk. Ei klo av fuglen var lenge gøymd i Kalvågen. Dei brukte ho å ause opp syra med av syrebunken. Kloa var som ei ausa, — eller skålforma.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *