Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Gridhamars-kjerringi er nerkøne åt dei

underjordiske


Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


No skal du få høyre ei skilleg god haugafolk-regle eg er komi på!

Det var ein gong ei haugafolk-kjerring på Gridhamar som skulde te ha småfolk. I dei dagar ho venta seg, kom ho te kjerringi på Gridhamar og sa:

«Du vil kji vera so indele snille o vera hjå me me e får lit'n. Me e so lite hjølpa!»

Og Gridharnars-kjerringi vart med. Det var nok like under dørahella på Gridhamar ho hadde heimen sin.

Kjerringi vart trast klen og fekk ungen. Men då var det kje lenge før ho høryrde det tok te rusler i grytor. Dei skulde te koke rjomegraut, kann du vita. Snart var grauten både kokt, dampa og reidd, so fløtet flaut. Då kjerringi som klen var, hadde fått ein smurd bite, skulde ho som hadde vore nerkone, ogso smaka. Men so hadde ho høyrt at ein ikkje skulde eta noko inne hjå dei underjordiske. Ein skulde ikkje sleppe utatt då. ho vilde difor ingen ting ha. Men det likte dei nok ikkje. Dei smurde rjomegrautfløt like burti munnen hennar!

Då det leid um ei rid, og alt var godt og vel med henne som låg i barseng, vilde Gridhamars-kjerringi heimatt. Men dei underjordiske vilde naudleg sleppa henne frå seg.

«Du ska anti få bu unde dørahellun dine ell uti Kjellarbakka,» sa dei.

Men kjerringi vilde heimatt, ho. Ho vilde kje høyre tale um noko arma. Då spurde mannen åt henne som hadde fått liten:

«Ko ska du ha før hjølpe?»
«Å e ska kji ha noko, e. De va berre ei venetenist,» svara Gridhamars-kjerringi.

Då rak han burti handi hennar noko som likna på ein fliseneve.

Snart var ho heime hjå seg sjølv. Då kasta ho flisi som ho i meinte ho hadde fått, burt i peisen. Men um morgonen, då ho såg burti peisen, låg det eit fint sylvbelte der. Og dette ska vera på Gridhamar endå. Denne regla fortalde ho ”gome Øye”.

Men dette var nok ikkje den einaste garngen Gridhamarskjerringi vart kalla te nerkøne hjå dei underjordiske. Ho kunde elles noko tå kort, den rugga, skal du høyre!

Det var ein gong haugafolk-kjerringi på Gridhamar skulde ha unge att. Trast ho vart klen, vart det sendt bod te Gridhamars-kjerringi. Og ho var ikkje langbedd! Ho vilde stå seg godt med grannane sine, kann du vita.

Kjerringi var klen og hadde fæle rider; men ungen vilde ikkje koma. Det såg spøkjeleg ut! Men ho som inn var komi, visste råd. Ho sette ridene på stabben som stod inne, so han tok te rulle kring golvet. Og då ikkje det munte, sette ho visst ridene på ein hund.

Då vart kjerringi forløyst. Og so veit eg kji meir, eg.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *