Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Gropen sa at sommarfjøset måtte bli flytta

Kyrne på Brusetvolden og Østerli i Ålen var så leie til å leggja seg borte etter at dei kom i sommarfjøset om vårane. Det var som dei skulle vera trolla bort.

To jenter var til Røros og tala med Ola Gropen. Etter tilråding fra han vart båe fjøsa flytta til ny tomt. Dyra vart likare til å gå heim att.

Ved same høve ga han ei anna råd for at dyra skulle trå heim. Dei skulle ta gras rundt klauvene til bjøllekua og mellom klauvene når ho sto på vollen attmed fjøset. Dette graset skulle budeia leggja i ein liten typose saman med salt og bera det innpå bare brystet heile sommaren. Kyrne skulle da kome heim i god tid.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *