Kilde:
Årbok for 1950
2. årgang
Verdal Historielag
Redaktør: Arkitekt Oddmund Suul

GRUNN-HOLLO OG HOLLO-TUSSANE

Segner fortalt av lærar Peder Brønstad.

Gjenom ei berghøgd, kloss inntil husa på garden Aust-Grunnan i Verdalen går ei trong, djup bergkluft i retning nord-sud 300 m tvers igjennom berghøgda, some stader opptil 30-40 m djup frå overkant til botn. Noko sælsomt, kaldt og dystert, ein gufs av noko trolsk slær ein imøte, når ein kjem inn i denne klufta, inn i GrunnHollo. Det er bratte hengberget utover klufta på øystre sida.
Oppe i klufta på vestre sida finn ein jettegryter, store og små i mengd, utover styrtningen. I nedre enden av klufta er ei tjønn som fyller heilt imillom bergveggene. Straks ovanfor tjønna er store steinblokker falle ned frå båe sider og imot kvarandre, slik at det under blokkene som stød kvarandre i toppen, er ein gang – som ein tunnel – heilt fram til tjønna. På vestre sida, lenger oppe og 10-15 m høgare, er ei mindre bergkluft, også den med ei lita tjønn i botnen eit stykke oppi. Der denne klufta går saman med den store, ute på styrtningen, finn ein jettegrytene. På øystre sida av tjønna oppe i «Litlhollon» – d. e. den mindre bergklufta – er det inne i fjellveggen ei stor jettegryte og med eit, etter måten, lite hol i toppen, og lengere nede, der gryta vider seg ut, er det eit rundt 1161 i sida og ut mot tjønna. Sjølve jettegryta er runn og glatt og så vid, at det kunne sitja 10-12 mann kring eit rundbord, om det stod på botnen. Høgda frå botnen til toppen er ca. 3,5-4 m. Den store klufta går tvers igjennom fjellet og vert kalla, Hollo eller Grunn-Hollo. Ei gamal segn segjer, at oppi Hollo’n budde det tussar, Hollotussane, og nokre segner om dei kjem her
Jau, for lenge, lenge sidan kom det bort eit gjentebarn i Aust-Grunnan. Dei ringde med kyrkjeklokkene og prøvde alle råder, men borte var borte, og dei syrgde lenge og ga tilslut opp all von. Mange år etter gjekk kona i Aust-Grunnan mora til gjenta austover
til Stormbakken, og midt ivegen, framfor føtene hennar låg ei diger gro og valt.
 
–    ”Gå uttu veia fer mæ, så ska æ hjølp dæ, når det trøngs!” sa kona til groa.

Dette var om somaren, og kona tenkte ikkje noko meire på, kva ho hadde lova. Seint ein kveld om hausten kom det ein kall inn i stua i Aust-Grunnan og spurde etter kona, om ho var heime. Jau, ho var då det, og mannen let på kjøkendøra og bad kona koma inn. Framandkallen sa då:

–    ”Ja, no er eg komen for å høyra, om du vil halda det du lova i somar.”
–    ”Kva var det, då?” spurde kona.
–    ”Jan, du kjem vel ihug groa, du møtte på Stormbakken? Du lova å hjelpa henne, når ho trengte det. Det var kona mi, det, og no er ho i barnsnaud.”

Aust-Grunn-kona gjorde seg ferdig og vart med, men det gjekk underleg til. Framandkaren gjekk fyre og kona etter. Då dei kom uti gangen, gjekk framandkaren attom troppa, og der opna det seg ein port, og dei kom inn på ein veg som dei fylgde, kom ei stund etter til ein gard med ei stor stulån, gjekk inn i stua. Borte i senga låg ei kone i ynk og jammer. Aust-Grunn-kona hjelpte henne, og alt gjekk vel. Så sa ho som låg i senga:

– ”Ja, eg er dotra di, eg, som de leitte så lenge etter. Tussane i Grunn-Hollo’n tok meg, fordi de hadde
gløymt å slå kross over meg og hadde heller ikkje lagt ståli vogga mi. Då eg vart vaksen, vart eg gift med sonen til Hollotussen, og vi har no garden. Mannen min er snill mot meg, og eg har det bra, men når du går, må du vara deg, for han kan ikkje anna enn skyta etter deg. Kast deg attom døra med det same du kjem ut! Her har du litt for bryet ditt”, sa ho og flidde mora eit knyte med sølvpengar.

Aust-Grunn-kona gjekk, gjorde som dotra hadde sagt, slengde seg attom døra. Ho var ikkje før komen attom døra før jarnstauren, gloande rand, kom sendande etter henne så det saud og kvein. Det var tussen som skaut.

–    ”Træft æ dæ?” ropa tussen.
–    ”Nei,” sa kona.
–    ”De va både illt å vel,” sa tussen.

Kona gjekk, og før ho visste ordet av det, var ho heime.

Fleire år etter var det brudlaup i Øyster-Holmlia. Ein mann som skulle til brudlaupet kom ridande oppover om Grunnan. Då høyrde han det ropa frå Hollo’n:

–    ”Når du kjem til brudlaupsgarden, så hels’n Deill som under borde ligg, at’n Dill datt i eill!”

Ja, han for opp til Holmlia, gjekk inn og ropa som det var sagt:

–    ”Æ skull hels’n Deill som under borde ligg, at’n Dill datt i eill.»

 Då vart det eit fælt styr under bordet, og fram kom ei kjerring, ingen kjente, og ho jamra seg og sprang ut på tunet, og der fanga dei henne og spurde kven ho var. Jau, ho var frå Hollo’n, og det var sonen hennar som hadde dotte i elden. Men kvifor var ho i Holmlia? spurde dei. Jau, dei hadde vorte fatige oppi Hollo’n, og ho var sendt til brudlaupsgarden for å stela mat. Det var ingen som kunne sjå henne, så lenge ho hadde huldrehatten på, men då ho høyrde dette ropet og skulle skunda seg fram undan bordet, datt hatten av henne, og dei kunne sjå ho. Men kvifor måtte ho fara heilt hit då? spurde dei, var det ikkje mat å finna i Grunnan? Jau, det var nok mat i Grunnan, men det var herre krossa brø å krina smør, og det hadde tussane inga makt over.
Då folket i Grunnan fekk høyra dette let dei sidan vera å krossa alt brødet og krina alt smøret.

Kjelde m.a. Ola Andersen Hjelde f. 23/8 1831

*     *     *

Ein mann frå yttre bygda skulle til Ulvilla og mala og kom tidleg ein morgon forbi Hollo. Han såg det lyste oppi bergklufta. Då han fortalde dette, var alle visse på at det var ljos frå hollotussane, han hadde sett.

Fortalt av Martina Elevsdtr. Indahl, f. 1845.

*     *     *

Ei gamall kona fortalde, at bror hennar var gjætar i Aust-Grunnan og gjætte oppe i Nordtrøhaugen attemed Hollo, og der såg han ein dag tvo små karar – ja, dei var ikkje større enn gutungar – som gjætte ein buskap.
Men så klappa han i hendene, og borte var både buskapen og gjætarane.

Fortalt av Martina Elevsdtr. Indahl, f. 1845.

*     *     *

Ein morgon kona i Aust-Grunnan kom ut i mastua, sat det ei tusskjerring frammed gruva og linna ein onge. Tusskjerringa sa då:

–    ”Æ set da vell itt i veia fer dæ?”
–    ”Nei,” sa kona. ”Set i Guds fre, du!”

Morgonen etter, då kona kom bort i fjøset, stod det ei fin ku der, som hadde kome dit om natta. Venteleg løn til kona for det gode hjartelaget ho hadde synt.

Fortalt av Martina Elevsdtr. Indahl, f. 1845.

*     *     *

Ei kona i øvre Verdal – ho var født 1845 – fortalde, at ho som smågjente gjætte småfeet i Grunnan oppe ved Hollo. Ho hadde nye, fine tresko på seg. Ein gong ho skulle venda geitene, sette ho skjemma dei ut. Dei var så fine. Men då ho kom att, var skorne borte. Ho leitte og leitte, men like fåfengt. Ho måtte gå heim utan tresko: Då ho seinare fortalde dette til Slettdalshaug-kjerringa, sa ho:

–    ”De e vel nokon som har lånt dei litt, men dei kjem vel att, når dei har brukt dei.”
–    ”Men dei kom aldri att,” sa Martina Indahl, som fortalde dette.

Fortalt av Martina Elevsdtr. Indahl, f. 1845.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *