Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Gudbrandsdølen og tussen

Ein gudbrandsdøl var paa Kongsbergmatknaden, og hadde selt hesten sin, ein gild traavar.

Um kvelden gjekk han og sveiv i gata der og undrast kor han skulde faa seg losement til notti. Daa kom det køyrande ein framandkar etter honom. Han stana hesten og spurde um gudbrandsdølen vilde heimatt, so skulde han faa køyre.

«Ak nei, eg hev nok lang veg heimatt eg, so det er nok ikkje tenkje paa i kveld,» svara han.

Men framandkaren stod paa sitt same, han, at gudbrandsdølen kunde berre setja seg uppi, so skulde han faa køyra radt heim.

«Du veit vel ikkje, kor langt det er til heimen min, eg er heime lengst uppi Gudbrandsdalen,» svara gudbrandsdølen.

«Jau, eg veit kor du er heime,» svara framandkaren; «men du veit vel ikkje, at eg er grannen din,» sa han.

So nemnde han baade garden og sjave-honom paa namn. Daa tok gudbrandsdølen til undrast. Han hadde heile tidi tvila for, at detta var ein lurendreiar av fysste skuffe, som vilde ha folk til narr, eller ein røvar, som vilde lokke honom med seg burti avkrøane.

«Set deg no uppi, so skal me koma heim so passe, til Anne, kona di, kokar grauten til kveldverd!» sa han.

Daa tottest gudbrandsdølen det kunde ikkje vera faarleg aa stande paa ein stubb, etter di han lyddest ut til vera kjend, og so steig han innpaa sledameiane.

«Nei!» sa framandkaren, «der biar du ikkje lengi, men set deg fram i sleden, han spring fort denne,» sa han og klappa hesten.

«Det er vel naudt, um han spring so fort som traavaren, eg selde i dag,» sa gudbrandsdølen.

«Jau, Bronen spring fort, han,» svara han.

So bar det iveg, men det var skuss, som tok tak. Som ei pil rende hesten avstad, so det ylde og pipa kring øyro, og gudbrandsdølen vann ikkje sitja uppe dessmeir, men laag i sleden so lang han var, og visste korkje veg eller leid, kor det bar av, det galdt berre aa halde seg godt fast.

Daa dei hadde køyrt soleis ei god stund, so stansa mannen hesten sin og gjekk fram og klappe ‘n.

«No er me halvvegjes, Bronen, no lyt me kvile litt!»

Men det vart ikkje lang kvildi. Det bar straks avstad att i same floge, og det var laga som baade hest og slede fôr i lufti, og berre nedpaa einkvar gongi.

Gudbrandsdølen trudde ikkje sine eigne augur, daa hesten straks etter stansa heime i tune paa garden hans. So sprang han burt til glase og kika inn, og daa saag han kona si stod frammed gruva og koka grauten til kvelden. Daa fysst var han trygg, at han var heime.

So bad han framandkaren fylgje med seg inni stogo og vera hjaa seg til morgonen. Men nei, det vilde ikkje framandkaren paa nokor vis, og det hjelpte ikkje kor strid gudbrandsdølen var, for han kunde daa ikkje mindre ha for skyssen, enn traktering og lossement yvi notti, meinte han.

«Eg skal ikkje noko ha i bitaling for skyssen,» svara han; «men ein ting skal du lova meg, og det er, at du flyt stallen din, for kvar gong hestane stallar, so dryp det paa matborde mitt.»

Jau, detta var mannen viljug til med fysste orde, for no skyna han fysst at det var tussen, som budde i haugen attmed fjose, han hadde køyrt med. So bad han tussen vilde segja, kor stallen skulde setjast uppatt. Tussen peika paa ein lagleg stad, som mannen var væl nøgd med.

«Det skal ikkje koste deg so mykje aa flytja stallen,» sa han; «du kan berre flytja hestane ut ein kveld, og alt anna som er inne.»

So takka og vælsigna mannen for skyssen, og i same rappe kvorv tussen og hesten burt.

Kvelden etter tok mannen baae hestane sine ut or stallen, og reinska reint der inne. Um morgonen var stallen flutt og uppattbygd der tussen hadde peika.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *