Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Gudbrandsongutten…

 

Gudbrandsongutten var frå Eggedal, men han farta mykje i Sigdal. Han var den sterkaste i bygdane her i si tid. Og det var ikkje vondt om spreke karar da. Det går fleire segnir om styrken hans.

Han gamle Halvor på Slette var seig i ryggetak. Med han var ung, var det ingen som hadde lagt han nedpå. Han var stutt og tjukk. Han hadde slik hug til å dragast, og dreiv mykje med det. Men han fant overmann sin da han kom ut for Gudbrandsongutten.

Døm var unge både han Halvor og Gudbrandson. Døm var i lag i ein auksjon. Der vart det ryggetak. Han Halvor tok i og fekk den andre på knea. Men lenger kom han ikkje. For da vart han Halvor som ein vott for’n.

«Da kunde han gjøra med mei hå han vilde, je var som ingen ting for’n,» sa’n Halvor, når han snakka om det etterpå.

Gudbrandson hadde sagt det etterpå, at han hadde aldri ti’i tak med nokon så seig som han Halvor. Han hadde aldri vøri på knea for nokon kar før.

Ei tid etter var døm i ein auksjon begge to.

Nå låg det ein stokk i tunet der, det var ein gild stokk. Han Halvor var til og og løfta på’n. Ja, han løfta’n da i den eine enden, men det var ikkje noko større meir hell. Ingen klarte det be’re enn han. Så kom Gudbrandson bortåt og vilde få prøve lian og. Han høgg øksa midt på stokken og kjente etter om han vog beint. Så høgg han øksa i så det bare så vidt var rom til fingrane mellom stokken og skaftet. Han løfta i, men så vog ikkje stokken beint. Det stod ei gammal kjæring og såg på.

«Heng dei på der du!» sa Gudbrandson til hennar. Ho hengte sei på. Så løfta han stokken opp på knea sine.

I deilet mellom Narumsjordet og Albjørksjordet ligg det ein stein som har vøri løft frå gammal tid. Var ein noko til kar, måtte ein klare å løfte den. Han er ikkje så stor, men så rund og vond å få tak på. Han er kalla Naresgrisen, denna stein. Gudbrandsongutten tok’n med letten. Det var fleire karar som høldt på og skulde få stein opp frå marka, men fian sette opp. Da var det Gudbrandsongutten tok tak i. Han fekk’n fyst opp på knea, så retta han sei opp og tok’n oppåt bringa. Deretter kasta han stein over garden.

Nedanfor Søland er det nokon fæle juv. Bratt er det nedi der, og vondt å komma opp.

Ein gong hadde det reist ei ku ned i juvet for følka i Søland. Det var ei vanleg stor ku. Døm fekk ho ikkje oppatt. Men så høvde det så at Gudbrandsongutten kom der. Han gikk nedi juvet. Så tok han kua med ei hand om frambeina og ei om bakbeina Cig slengte ho så oppå nakken og bar ho som ein ber ein sau. Han bar ho like opp or juvet.

Ja, Gudbrandsongutten var sterk, men da han råka på han Per Hovenga frå Modum, vart han fin gutt.

Døm møttast på veigen ein stad han Gudbrandson og han Per Hovenga. Døm kjørte begge to. Men så var det så trongt der døm møttast at døm kom ikkje fram uten ein måtte i snøhaugen. Da steig Gudbrandson tor slean og gikk fram og skuva til Hovenghesten så han valt uti snøhaugen. Da spurte Hovengen:

«Hå er det for slags følk som fer slik fram?» Gudbrandson sa da namnet sitt.

«Je e’n Per Hovenga, je,» sa den andre. Da vart Gudbrandson spak. Han måtte nok be om tilgjeving med det samma da. Han tørde ikkje by sei fram til’n Per Hovenga.

Gudbrandsongutten reiste til Amerika. Der vart han til han døde. Ein gong snart etter han hadde kømmi dit, kom han i lag med nokon karar. Døm dreiv og drakk. Så var det fem irlenderar som hadde lagt sei om at døm skulde ta Gudbrandsongutten. Det var ikkje små karar det hell. Men han høldt døm unda sei. Han hadde fått tak i ein tå døm, denna bruka han til å slå dei andre med. På den måten fridde han sei unda karane, og slapp i frå der.

Je såg Gudbrandsongutten borti Amerika i 1880-åra. Da var han hoss syster si, ho Mad som var gift med ein frå Risbrøtt oppi Sigdal. Da var han gammal og blind. Han hadde følli tor så han var så mager og tusken å sjå på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *