Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Gullgruva i Søbergshøgda.

Ein mann frå Høgsteggen ved Hauka hadde alltid nok pengar. Han var av dei som sto seg godt, og grannane kunne ikkje skjøna korleis han berga seg så mykje betre enn dei. Gardane var om lag like store. Dei hadde like mange dyr, og dei dreiv på same viset alle i hop. Ein gong han vart spurd, svara han at han visste av ei gullgruve i Søbergshøgda.

Med det måtte grannane nøye seg, og mange av dei tok seg turar i høgda. Nokor gruve fann dei ikkje, men det hende at dei hørte hammaren klinga mot steet i høgda ein stad. Det var nok frå smia i tussgarden, og Høgstegg-mannen fekk vel pengane frå folka i tussgarden, han og, på same viset som husmannen under Moan.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *