Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

 

Gulsvik

Biletet er av Gulsvik, tatt i 1909.

Per Enger fortel at faren, Bjørn, kom frå Eggedal og tok til som butikkgut hjå kjøpmann Meidell i Nesbyen. Bjørn Enger kom til Flå i 1894, der han sette opp eit hus ved Gulsvikgardane, i vegkrysset til Vetteren. Her tok han til med butikk og postopneri.

Etter at jernbanen kom, fann Enger området ved Gulsvik jernbanestasjon meir interessant, og han flytta dit. Han reiv huset han først hadde og sette det oppatt på den nye staden, huset t.h. på biletet. Der heldt Bjørn Enger fram med butikk og postopneri.
Han bygde seinare huset t.v., der han hadde herberge. Begge desse husa er no borte. Per Enger reiv dei for å få plass til sitt forretningsbygg i 1954.

T.h. på biletet er Gulsvik stasjon, eit par år endestasjon vestfrå. I bygdebøkene kan me lesa at det tok til å gå grustog oppover dalen i 1906. Det var store grusmassar der Gulsvik stasjon vart lagt, og dette var ypperleg underlag for svillene på jernbanen.

I eldre tid gjekk hovudvegen på andre sida av Krøderen. Dei som hadde fare der snakka i lange tider etterpå om dei endebratte Ringnesbakkane, der ein til sine tider nesten våga livet, når det var holke av rette slaget.

På austsida av Krøderen var det berre gardsvegar. I 1898 vart det løyvt pengar til gjennomfartsveg og arbeidet sett i gang same året. Vegen til Gulsvik var ferdig i 1904. Vidare oppover dalen vart sambandet knytt etter at bruene ved Gulsvik var ferdige i 1906. Vegen forbi Gulsvik vart lagt nærare Krøderen i 1965.

På biletet ser me eit sidespor ned til fjorden. Dette er eit spor ned til kaia, der rutebåtane på Krøderen la inntil. Denne trafikken tok til i 1861 og heldt fram til 1926.

Den første kaia vart bygd nedanfor Gulsvikgardane, og det vart lagt jernbanespor ned dit. Det fortelst at ein gong var det så glatt at eit tog glei uti fjorden. Då jernbanesambandet med Bergen vart opna, vart kaia flytta nærmare Gulsvik stasjon.

Som nemnt var Gulsvik ei tid endestasjon på Bergensbanen. Den 9. oktober i 1907 vart skinnene skøytte ved Ustaoset, og det kunne gå tog frå Bergen til Gulsvik. Anlegget austfrå pågjekk samstundes, men det tok si tid før rallarane greidde slå seg gjennom Haverstingen. Men i 1909 var det klart for baneopning mellom Oslo og Bergen, og opningstoget med Kong Haakon og ei rekke prominente personar passerte gjennom Hallingdal den 27. november.

Gulsvik fekk etterkvart ypperleg samband både med veg og jernbane, men i denne hektiske tid: trafikken har lett for å gå forbi.

H.d. 5. januar 1985

Bilde av Gulsvik, tatt i 1909. Fotograf ukjent.

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *