Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Gunnar vart teken til fange taa svensken…

Han Gunnar tala um dei var so hissuge etter aa koma fram i elden, so dei skalv daa dei høyrde dei fyrste smellane, og dei sprengde paa og vilde frami, so det var mest raadlaust for
offiserane aa halda styr paa deim. Og verst var leirdølane. Naar dei var attanpaa aamotingane, var dei reint brysame, for dei sprengde paa og vilde faa vera fremst.

Han Gunnar vart teken til fange taa svensken ein gong, ja det var mange av deim, soleis han Tølløv Hollrudbakken, Per Sæmingsen og han Amund Braataan, og nokre leirdølar var og med. Dei vart førde langt inn i Sverike, heilt ned mot Karlstad, der dei vart sett i arbeid paa ein stor gard. Um natta laag dei i ein laave, og var daa under uppsyn baade dag og natt. Men elles hadde dei det bra paa alle maatar, det var ingen ting aa segja paa det, maten var bra og folka var snilde. Men likevel vilde dei no røma. Ein kveld fekk dei gaa ned aat elva og vaska klæda sine, og hengde dei so upp til turkings. Daa vart vakta tryggare den kvelden, for dei kunde ikkje tenkja paa røming daa. Daa det so vart kvelden, og folk hadde gaatt til ro, strauk dei. Nede ved elva tok dei ein baat og drog over, og tok so beinvegen skogleides paa heimkanten. Men det var ved det dei angra paa dei hadde drege i vegen, for dei sleit fælt paa turen. Dei hadde faat stukke unda tri «knallar» (brød), det var alt dei hadde aa liva av. Dei laag ute i skogen og fraus um nettene og gjekk og svalt dag etter dag, so det var mange gonger dei trudde dei hadde lote gaatt fram til folk og gjeve seg over att. Men so fann dei noko blaabær imillom og bergde livet med den. Endeleg naadde dei grenselina, og daa kom dei vel attende aat kompaniet sitt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *