Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Gunnulv Skajet

 

Det var ein døm kalla Gunnulv Skajet. Han var tor Numedal, anten det var frå Nore eller det var ei bygd lenger oppi, det veit je ikkje. Detta var i den tida døm låg ute. Døm låg bortover gardane, nokon her og nokon der.

Så ein dag hadde mannen der han Gunnulv budde, våga 200 daler på at han Gunnulv skulde klare å kaste håkken døm vilde setta opp imot ‘n i ryggetak. Ein annan mann sette 200 daler imot. Han hadde ein svenske som nok skulde få han Gunnulv over ende.

Det skulde bera til med ein gong døm kom heimatt om kvelden.

Han Gunnulv var viljug med ein gong døm nemnte om det. Han trudde det skulde bli moro. Han vart med med ein gong. Han sa nok det:

«Visste je at denna karen var noko tess, burde je vel eti fyst.» Men han gikk uten mat.

Så bar det i hop med Gunnulv og svensken. Svensken tok i det han evla, men han vart for lett. Det var ikkje lenge etter, så var han i bakken.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *