Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Guri Åsen

Guri Åsen var ei eldre, velståande enke i Flå og ho hadde stort livaure. Tore Reiarsgard, i same bygdi, var ein ung, vakker gut, men han åtte ingen verdsens ting. Når Tore kom til Åsen vart Guri smeltande blid og visste ikkje til seg kor godt ho skulde stelle for guten. Tore skyna godt sinneslaget til enka, men han tenkte meir på midelen og livauren enn på Guri. — «Det er godt og vondt i alle land», tenkte han. Han kunde ikkje vente å springe upp i smøret med støvlane på utan at det ogso vart ein kross å bera. Han kunde bli ein halden mann med ein gong berre med å ta eit steg. Og han tok steget og fridde. Guri svara trast ja, og var over lag gladverug. Det vart bryggja og baka og laga til brudlaups. Men alt som dagane skreid vart Guri meir sturen, og brudlaupsdagen såg ho meir enn sorgal ut. Kva det var som vanta henne kunde ingen forstå. Brudeferdi var innum på garden Ve, som vis var, og so bar det til kyrkja. Men då ferdi kom til kyrkjeporten skilde Guri lag, gjekk framum kyrkja og attende til Ve. Presten kom etter og tala henne til rette, men Guri stod på sitt: ho hadde tenkt seg um, og vilde vera enke. — Kva kunde vera grunnen? Tenkte ho på at den unge guten vilde gifte seg med henne berre for pengane, eller tenkte ho på den fyrste brudlaupsdagen sin då tvo varme hjarto fekk kyrkja og presten si signing på si ungdoms- og kjærleiks hjartepakt? Den som har ått gull, gret etter gull.

Tore vart seinare gift, men Guri Åsen sat enke til sin døyand dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *