Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Guri har sjølv vore ute for noko

Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


«Har du aldri vore ute for noko usynleg sjølv?» spør eg. Ikkje mykje; men radt fritt er det ikkje.

Eg og Synnøv i Eikrun var på heimstølen åt bøo i Vang ein haust. Me dreiv endå og bustulla. (1) Dei var heimfarne med kvar einaste krøterklauv. Men um natti kom det ei kyr burt te selet vårt og rautte so kvelt. Men um morgonen var ho stokkstein (2) burte.

Eg såg ogso sikkert ein huldrakar her nordpå stølane. Ein dag eg gjekk uppover Brekkudn, vart eg var ein kar som gjekk trast føre meg. Eg langa (3) på og vilde nå han att, so eg kunde få sjå kven det var. Men der tok eg meg vatn over hovudet. Eg nådde han ikkje kost eg stega på. Då han kom uppåt Steinhaug, vart han burte. Aldri det tærande dusti (4) såg eg te han meir kost eg gleinte i kring meg.

Då ho Guri no ikkje kjem på meir um underjordiske, freistar eg få samtalen inn på noko anna. –

«Du som er gamal, kann vel fortelja meg um det var mykje med fyll og leven i gamal tid,» spør eg so.

Å du og du, det toler ikkje samanlikning! Det var fyll med dans og slåsting mest te kvar helg, so det er fælt å tenkje på. Men so fekk dei no stundom sjå fylgje av det ogso.


(1 ) Bustella = laga ferdig siste budråtten
(2) Stokkstein = heilt, brått
(3) Langa på = tok lange steg, gjekk fort.
(4) Tærande dusti = minste slag, ingen ting

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *