Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Guten i  Svartebrøta

Ovanfor Svartebrøta i Gol er det ein haug, og før i ti’n heldt det til haugafolk der.

Ein gut frå Svartebrøta var jamt uppe der, og so hugla han ei haugagjente. Han let på fela der upp under haugen, og gjenta dansa. Ho hadde endå so lang ei rove. Det vart til det at guten fekk barn med henne. Då vart han so rar av seg. Og ein dag strauk han over åsen til Flatagro, derifrå til Rotnheim og so ut-etter dalen. Han var lenge «utanfor» — på bygdo ved Branestraktine. Langt um lenge kom han heim att, og tok seg ein tur upp til haugen. Men han kom stur, og som det såg ut til tungsindig inn att. So reiste han ut på bygdane att og kom aldri heim meir.

Far hans hadde ogso noko uteståande med ei haugegjente, som jamt var nede i plassen hjå han.

Sjugurd Brøto høyrde ein gong eit barn gret so heidsleg der uppe ved berget

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *