Kilde:
Leiv Heggstad
Eventyr og segner på målføre
Frå alle kantar av landet
Oslo 1950

Guten med staven.

(Målføre frå Torvastad , Rogaland.)

De va ein gång ein liten gut, sò kjente på ein gar å skó ha ein skjeling åre i løn. Då han hadde kjent ut tri år, vilde han ikkje kjena lenger; han fekk lønè si å, gjekk sin veg.

Han gjekk øve ei vi'e hei å tótte han va ein svær'e kar, fòr nò gjekk han me tri års løn i lómmen.

Då han va kòmmen frampå heiè ett stykkje, kòmm der ein fattig'e mann gåanes å ba guten òm ein skjeling. De totte guten han hadde rå te; han gav fattigman'n ein skjeling, å sjøl hadde han to att'e.

Då han sò va kòmmen ett stykkje lenger frampå, kòmm de ein ann fattigmann gåanes å ba guten òm ein skjeling. Han sa sò sant va, at han åtte ikkje meir helle to skjeling, sò han hadde ikkje stort å skifta på. Men fattigman'n let òm at de va nett sò de skó vara; når han nò fekk ein skjeling, sò hadde dei kvar sin å va jamrike, å sò ba han sò sårt, at guten såg seg ikkje syn me å nekta han de; han gav man'n ein skjelling, å sò gjekk han sin veg.

Han hadde ikkje gått långt stykkje før de kòmm ein mann te; han ba óg òm ein skjeling. Guten sa at de konne han ikkje få; fòr han åtte ikkje anna ein skjeling. Men man'n klaga si naug å ba sò pent, å sò sa han at fekk han skjelingjen, sò skó helle guten få att'e ein stav, å den va sòlsen laga at berre han tikka bòrt-på nòken me han, sò låg han daug'e me ein gong. Sò fekk man'n skjelingjen, å guten fekk staven, å sò gjekk guten len-ger fram.

Då de lei sò av ett bøl, kòmm han te ein stor'e härregar. Der gjekk han in å spùre itte kjeneste. Härreman'n sa at han skó hatt seg ein te å gjæta fee; men han hadde hatt sò månge drengjer, å dei dudde ikkje te nòken ting. Når dei kòmm åt fjedle, sa han, sò svelte dei berre kjydne ut, å sò hadde han jagt dei. Men guten ba òm han ikkje konne få prøva, å sò leigde härreman'n guten te gjætar; han skó på fjedle me buskapen.

Då han va kòmmen ut i markjè, gjekk guten òppå ett høgt fjedl, å der fekk han sjå ett stort raugt hus me ein fin'e hajje. Han konne gòdt skjøna ka ditta va; fòr i dei store rauge husè bur allti resane. Men redd va guten ikkje; han jagde buskapen beint in i hajjen, å tier va de sò kjukt me gras, at de gjekk øve hòve på kjydne. I hajjen va de månge store trer óg, å der va de sò fullt av epler å anna frukt at de berra lavde av kvar grein. Guten gjekk òpp i treè å åt alt me han òrka, å buskapen gjekk i hajjen å åt gras, sò kvärt ett naut mest vilde sprikka.

Best sò de va kòmm de tri fæle resar ut or huse. Den eine hadde ett hòve, den andre hadde to, og den tre' hadde fira. Dei tok te å bura å bylja verre enn udyr. «Nò kjem'e me å drep'e deg!» skreik dei. «Eg ska drepa dòkke eg!» sa guten, han sprang ne or treè. Då resane va kòmne sò nære, stakk han berre bort-på dei me staven, sò datt dei dauge ne adle tri.

Sò gjekk guten in i huse, å der fann han sò månge dyre ting at de va ingjen ende på de. Han bar ut gull å syll å lesste på adle kjydne sò møkje dei vant bera; sò for han himitte me buskapen.

Härreman'n konne ikkje skjøna kór han konne finna sò møkje gras åt krøterè, å då han fekk sjå alt de gulle å syllet sò han kòmm me, då blei han reint øvegjeven. Men de konne han skjøna at han laut høyra seg itte ein ny'e gjætar; for den sò va sò rik'e, tròng ikkje træla sòlsen kvar dag.

Sò blei de avgjort at guten skó gifta seg me dotter te härreman'n.     Å sò fekk dei seg ein ny'e gjætar, å sò holdt dei brydlòpp. De va de støste brydlòppe sò folk hadde sport. Dei turte å dei danste te långt på nått, a har dei ikkje slutta, sò tura dei vel enno.

____________________________________________________


Målet er Sudvestlandsk,. løn'e (ogso løn'å i same bygdi) naug naud. daug'e daud. bøl bil, tid. härregar; ä mesta som a.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *