Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Guten og huldri i Tysvær

Det var ein gjætargut som gjætte smale i ei mark i Tysver. Ein maandag og varm solskinsdag vart guten trøytt, og daa det leid imot middag, lagde han seg i ein bakke og vilde kvila ei stund. Med same han daa skulde til aa sovna, høyrde han eitkvart som gjekk. Han saag upp og fekk sjaa tvo kvinnfolk som kom gangande; den eine var ei uvanleg ven gjenta, og den andre saag ut til aa vera mor hennar. Huldrer var dei baae tvo, det kunde han skyna av di at dei kom paa den tid av dagen, og det synte utanpaa at dei ikkje var som anna folk Dei stemnde imot honom rett som dei skulde vilja eitkvart; men daa dei mest hadde naatt han, svinga dei paa vegen og gjekk framum. Daa dei hadde gjenge eit langt stykke, snudde dei og kom attende, og so kom dei burt attfyre ein haug. Sidan gjekk guten heile dagen og tenkte paa kva dette skulde tyda, og daa han kom heim um kvelden, fortalde han det til folki heime.

Den andre dagen gjætte han paa same staden, og daa det leid til middags, kom dei same kvinnfolki; daa bar dei paa ei korg. Daa dei var komne burtaat, tok dei loket av korgi og bad honom eta; der var god mat og godt drikka. Guten aat godt; for han tenkte at det var ikkje kvar dag han fekk slik mat. Daa han hadde ete, sa han takk for maten; men dei svara ingen ting. Dei sat eit bil, so stod dei upp og bad farvel; so gjekk dei og kom snart burt attfyre haugen. Han hadde ikkje høyrt steins ord av deim anna en at dei bad han taka fyr seg av maten, og at dei baud farvel. Sameleis gjekk det heile su-maren og hausten med. Kvar dag kom desse kvinnfolki med mat til guten, og han livde og treivst godt.

Daa dei so hadde fenge inn um hausten og gjætaren heldt seg heime, daa sat han ein sundag og fortalde um desse huld-rerne. Folki log aat guten og sa at han skulde ha kasta staal yver gjenta. Dette lydde guten paa, og maandagen etter tok han smalen med seg til marki att. Daa det so leid til middags, kom huldrerne med korgi som vanleg. Daa tok guten kufta si, som det var ei staalspenna i, og kasta yver gjento. Med same ropte mori: «Gud naade deg! Dermed sprang ho sin veg og kom burt attfyre haugen. Men gjento fylgde guten kvar han gjekk og stod; han kunde aldri vera fri henne. Enden vart at han laut gifta seg med henne. Fyrr brudlaupet vart lyst, fekk han henne kristna. Daa var ho ikkje lenger so ven som ho hadde vore.

Eit bil etter brudlaupet kom mor hennar og vilde lydast um dei nygifte. Daa ho vel var inn komi, kasta guten den same kufta yver henne. Dermed vart ho verande hjaa deim, og dotteri var glad at ho hadde fenge mor si i huset. Dei fekk henne kristna og døypt, og sidan livde dei alle vel til sin døyand-dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *